Kva meiner du Jon?

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 6 Oct 1997 14:46:58 +0100

Eg las nett innlegget frå Jon H. A., og det var mange av dei personlege
oppsummeringane hans av tilhøvet
sitt til KK eg forsovidt kunne ha gjeve sjølv. (Ikkje alle - eg likar ikkje
Jazz... - og har kanskje
høgare grad av toleranse for ein og annan artikkel om Trotskij...)

Kanskje avslører eg no min eigen dumskap ved å spyrja - men eg forstod ikkje
heilt kva det var du ville
seia med dette innlegget! Ja for meininga var vel ikkje berre å slå fast at
Jon M er eit fint namn, at
Gunnar Furehøgd kan ha rett og at du ikkje ville ha att "AKP-KK"? Eller var
det det?

Med spyrjande helsingar
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41