Sjølv er eg uorganisert og temmeleg agnostisk mht til ganske mykje, med
hjartet til venstre (men pasifist) og eg spør meg no: kvifor les eg KK?
(eg er dataingeniør)
- utanriksdekninga (Algerie, t.d.)
- kommentarane til norsk politikk (Bjerke om Ap, t.d.)
- Schengen, innvandring osb (ting som opptek mange hundre tusen
nordmenn)
- kronikkane er ofte gode
- gode jazzmeldingar
- eg likar å lese om Odda og Liverpool, sjølv om det er fjernt frå
kvardagen min
- ofte gode lesardebattar
- opplysningar om møte, demoar osv.
- kultursidane skjøner eg lite av. Dei er ofte skrivne for eit publikum
som eg kan tenke meg tel omlag 10 personar pr. artikkel. Og har _ganske_
gode akademiske credentials, så kom ikkje her.
saknar:
- fleir analysar av tendensar i samfunnet, (privatisering,
teleteknologi, norsk nærningsliv og utanrikspolitikk saman
- økonomiske analysar, idedebattar (slik som den om The Bell Curve her
på forumet, analysar av sosialøkonomitenkinga i gnore i dag, osv)
- mao, litt tyngre artiklar. Men det krev jo ressursar!
Eg hugsar AKP-KK, med lange debattar om Trotsky og kva det no var alt
saman. Det saknar eg ikkje.
Jon M? Fint namn!
Jon