redaktør-kandidatane

espen (espen@mail.feskar.net)
Tue, 30 Sep 1997 23:08:25 +0000

På eit møte om KK si framtida skipa til av RV sitt fagleg-utval vart
redaktør-kandidatane for KK lagt fram av Torstein Tranøy.

Desse sendte inn søknad om stilling som KK-redaktør:

Jon Michelet

Kjell Gjerseth - tidlegare KK-journalist, no i Stavanger Aftenblad

Eva Charlotte Tønnesen - Tidlegare KK-journalist

Ove Bengt Berg - tidlegare redaktør for RV si avis Opprør

Bente Thoresen - har permisjon frå KK fram til desember

Roald Helgheim

Thomas Sandvik - ein eller annan 28 år gamal hovudfagsstudent

Ein gymnasisast som ville byta ut Marx med Donald Duck

Tre studentar frå Bergen - bra jenter frå Rosso og ymse andre
radikale grupperingar som vil arbeida som eit kollektiv og dela løna
på tre

Eg veit framleis ikkje kven som har bedt ein del av folka om å stilla
men ein kan jo tenkja seg sjølve.

No er kandidatane her og det er berre å nytta onsdag føremiddag, fram
til kl. 11.00 til å samla inn underskrifter til opprop for Jon
Michelet som redaktør...

espen

Biji Kurdistan!