(no subject)

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 30 Sep 1997 21:28:30 +0100

Lars Staurset du skriv følgjande i ditt innlegg her på KK-forum, som svar
til Roar Madsen og Pål Hellesnes: "(1)Eg er samd i mykje av den kritikken
som har kome mot redaksjonen for stoffval, vinkling og haldning til dei
"aktive" lesarane. (2)Samstundes meiner eg avisa ikkje kan overleve utan å
bli dagleg lesnad for målgrupper utanfor dei revolusjonære sirklane. (3)Då
må desse lesarane oppfatte ho som lesverdig, viktig og uavhengig."
(Tala i klammer er det eg som har plassert inn i teksten, og eg vil svara i
høve til dei.)

1. Fint Lars!
2. Dette er eg samd med deg i. Derfor er det viktig at alle vi, som vil at
avisa Klassekampen skal få ei framtid, bidreg med vårt - vervar nye
abonnentar, sel avisa på gatene etc..
3. Ja, lesverdig og viktig. Kva du legg i uavhengig veit eg ikkje - du
definerer det ikkje sjølv heller. Slik du har formulert deg vert det lett å
bli leda til å tru at du meinar ei avis som ikkje tek politisk stilling. Om
du meinar det, er eg djupt usamd med deg - eg vil ha ei avis tufta på den
formålsparagraf avisa i dag har. Eg vil sette pris på om du kunne definere
klårare kva du meinar med "uavhengig" i denne samanhengen.

Resten av innlegget ditt meinar eg bærer preg av at du ikkje vil akseptera
den politiske skilnaden som er, det er din rett. For meg, og svært mange
andre, dreiar dette seg om å få behalde ei avis der redaktør og avisas
tilsette er tru mot og lojal til avisas eigen formålsparagraf, korkje meir
eller mindre. I høve til dette er ikkje eg viljug til å inngå nokon form
for kompromiss. Skulle eg havne hjå dei, som til sjuande og sist må
erkjenne eit tap - vel, då står eg ovanfor eit anna faktum eg der og då må
forhalde meg til.

Venleg helsing Olve Steinset

>Svar til Roar Madsen og Pål Hellesnes:
>
>Kanskje er eg naiv, men eg synest begge partar i denne striden har
>ein del rett. Eg er samd i mykje av den kritikken som har kome mot
>redaksjonen for stoffval, vinkling og haldning til dei "aktive"
>lesarane. Samstundes meiner eg avisa ikkje kan overleve utan å bli
>dagleg lesnad for målgrupper utanfor dei revolusjonære sirklane. Då
>må desse lesarane oppfatte ho som lesverdig, viktig og uavhengig.
>
>Så langt har eg ikkje sett noko truverdig program frå nokon av sidene
>for å oppnå - og halde på - minst 10.000 abonnentar. Kanskje det er
>ein sjanse til å greie dette dersom ein kan komme fram til ein felles
>ståstad.
>
>Skitkasting og krig fører oss ikkje dit. Derfor vil eg heller ikkje
>dra fram eksempel på slikt i dette innlegget. Eg kan gjere det i
>privat e-post til dei som har spesiell interesse for det. Ei grundig
>vurdering av dei to oppropa har eg dessverre ikkje tid til akkurat
>no.
>
>AKP kan sjølvsagt sette inn Jon Michelet som redaktør. Slik frontane
>ser ut til å ha låst seg no, vil det vere eit signal om at ein
>ønskjer å avgjere striden med makt. Sjølv om dette sikkert er OK både
>etter aksjelova og redaktørplakaten, er eg redd det vil øydelegge
>tilliten til avisa, og sannsynlegvis knekke ho heilt (straks eller
>etter nokre månader).
>
>I denne situasjonen trengst det både kompromissvilje,
>fingerspisskjensle og ikkje minst vilje til å finne løysingar, og eg
>håpar at styreleiaren etter kvart har utvikla meir av det. (Her må eg
>ta atterhald om at eg sit femti mil unna og ikkje kjenner stemninga i
>redaksjonen, på partikontoret eller på vatningshola i hovudstaden.)
>
>For orden skuld: eg har ingen ting mot Jon M., og vil gjerne halde
>fram som abonnent nær sagt same kven som blir redaktør. Det eg er
>redd for, er at mange andre vil falle frå, og få komme til.
>
>Lars Staurset
>
>