RE:_Opprop=2C_grøftegraving_og_skitkasting_

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 30 Sep 1997 18:24:23 +0200

Svar til Roar Madsen og Pål Hellesnes:

Kanskje er eg naiv, men eg synest begge partar i denne striden har
ein del rett. Eg er samd i mykje av den kritikken som har kome mot
redaksjonen for stoffval, vinkling og haldning til dei "aktive"
lesarane. Samstundes meiner eg avisa ikkje kan overleve utan å bli
dagleg lesnad for målgrupper utanfor dei revolusjonære sirklane. Då
må desse lesarane oppfatte ho som lesverdig, viktig og uavhengig.

Så langt har eg ikkje sett noko truverdig program frå nokon av sidene
for å oppnå - og halde på - minst 10.000 abonnentar. Kanskje det er
ein sjanse til å greie dette dersom ein kan komme fram til ein felles
ståstad.

Skitkasting og krig fører oss ikkje dit. Derfor vil eg heller ikkje
dra fram eksempel på slikt i dette innlegget. Eg kan gjere det i
privat e-post til dei som har spesiell interesse for det. Ei grundig
vurdering av dei to oppropa har eg dessverre ikkje tid til akkurat
no.

AKP kan sjølvsagt sette inn Jon Michelet som redaktør. Slik frontane
ser ut til å ha låst seg no, vil det vere eit signal om at ein
ønskjer å avgjere striden med makt. Sjølv om dette sikkert er OK både
etter aksjelova og redaktørplakaten, er eg redd det vil øydelegge
tilliten til avisa, og sannsynlegvis knekke ho heilt (straks eller
etter nokre månader).

I denne situasjonen trengst det både kompromissvilje,
fingerspisskjensle og ikkje minst vilje til å finne løysingar, og eg
håpar at styreleiaren etter kvart har utvikla meir av det. (Her må eg
ta atterhald om at eg sit femti mil unna og ikkje kjenner stemninga i
redaksjonen, på partikontoret eller på vatningshola i hovudstaden.)

For orden skuld: eg har ingen ting mot Jon M., og vil gjerne halde
fram som abonnent nær sagt same kven som blir redaktør. Det eg er
redd for, er at mange andre vil falle frå, og få komme til.

Lars Staurset