Re: Valgkamp-kritikken -- en beleilig avsporing!

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Sun, 28 Sep 1997 17:12:33 +0000

> Jeg mener den kritikken som har vært reist mot Klassekampen i forbindelse
> med valgkampen har avsporet debatten.
(...)
. Dermed blir dette for meg påstand mot påstand, bortsett fra at
> kritiker Magnus Marsdal gjør sjølkritikk, og det bekrefter inntrykket av at
> kritikken mot redaksjonen angående den siste uka i valgkampen er urettferdig.

Eg hadde tenkt at eg skulle la dette ligga, men sidan denne saka
vert teken opp att må eg nesten nevna det:

Etter at Carsten kritiserte Hasås sin kritikk (som eg berre refererte
til), og eg sa unnskyld (for å ha referert denne kritikken), har eg
sjekka kjeldene litt. Og der kjem det fram at redaksjonsleiinga
(Paul, trur eg) sa til RV at dei ville prioritera å få på stoff med
venstre-kritikk av SV den siste veka. Ein ide var konfrontasjon
mellom Aslak S/M og Kristin Halvorsen, om ikkje dette gjekk skulle
ein få til andre oppslag som fekk belyst dei same spørsmåla. Så dro
Halvorsen på fly-turne, og det vart altså ikkje mogleg for Carsten å
få på ein konfrontasjon. Men det vart ikkje noko anna oppslag,
heller.

Og i samband med dette skal Paul Bjerka ha sagt at DET ER JORUN
GULBRANDSEN SI SKULD AT DETTE IKKJE HAR LATT SEG ORDNA, det var altså
"konflikten" som gjorde det vanskeleg å få til eit slikt oppslag som
kunne vore veldig viktig for RV i valkampinnspurten.

Dette var grunnlaget for den opphavelege kritikken, som altså ser ut
til å HA eit grunnlag.

No kan sjølvsagt utsagnet tolkast, det kan vera at konflikten med
styret (som enno ikkje hadde eksplodert) tok så mykje TID at det kom
i vegen for det nevnte oppslaget, eller det kan vera at Bjerke gjorde
alvor av påstandene om at det kunne gå utover valkampen til RV (i KK)
dersom styreformannen ikkje erklærte tillit straks.

(Underleg at dei kritiske journalistane i KK har brydd seg så lite om
spørsmålstillinga korvidt den eine sida i konflikten medvite og
kynisk utnytta at det var valkamp til å freista pressa motparten i
kne, og få erklært full tillit til Bjerke, noko som ville stoppa
redaktørskiftet i lang tid.Kom igjen Helgheim: Du er jo så kritisk
til revolusjonen, kanhenda på tide å kritisera Revolusjonen i KK
også?)

Nok om det. Eg er heilt samd med Andresen i at denne "RV tapte
valet"-kritikken av KK er ei velkomen avsporing (for
Bjerke/Allern-gjengen) av ordskiftet. Kritikken og ordskiftet har
vore omfemnande og allsidig det siste året, og einkvar heiderleg
journalist i KK kan ikkje unngå å nemna dette når ho trekk fram denne
valkamp-kritikken. Men det unngår dei jo kvar gong.

Ha det

Mingus
--- P t o t h e P ---