Fra avisa Klassekampen: Roald Helgheim

Trond Andresen (t.andresen@uws.edu.au)
Thu, 25 Sep 1997 13:11:57 +1000

Her er journalist Roald Helgheims kommentar i dag 25/9. jeg legger dette ut
for egen regning så lenge KKs medarbeidere ikke sjøl sender kopi av sin
polemikk i denne saka til KK-forum.

Trond, liste-adm.

******************
Klassekampen og
"Den nye klasse"

DEBATT

FOR førti år sidan gav den jugoslaviske
kommunisten Milovan Djilas ut boka
Den nye klasse. Boka vart straks fordømt
av Titos parti som fiendtleg propaganda
og forfattaren vart fengsla i
sju år. Etterpå skreiv han Samtaler med
Stalin og vart fengsla på ny. I 1966
drog han i eksil, men kom attende til
heimlandet i 1980. I 1995 enda han
sine dagar i eit land i krig og nasjonal
oppløysing.

I pakt med Klassekampens revolusjonaere
formålsparagraf skreiv eg då
ein større artikkel om den første boka,
og hadde ein interessant debatt med
m.a. Pål Steigan. Det er ein av dei alt
for få debattane med anstrøk av revolusjonaert
perspektiv som har vore her i
avisa dei seinare åra, og eg kjem han i
hug når eg no les nokre AKPinnlegg
av typen "ta avisa attende". Attende til
kven?

Milovan Djilas' tese er at dei kommunistiske
makthavarane er ein ny
overklasse av i namnet kommunistiske
eigedomsbesitjarar og utbyttarar med
ei makt ingen annan overklasse har
oppvist maken til. At den nye klassen
utgjev seg for å styre på vegne av ein
annan, arbeidarklassen, gjer ikkje saka
betre: "Eiendomsrett er ikke noe annet
enn retten til profitt og kontroll. Om en
definerer klassefordeler på grunnlag av
denne retten, har man i de kommunistiske
stater fått en form for eiendomsrett
eller en ny herskende klasse av utbyttere",
skriv Djilas. Og det er ein
klasse som oppstår i det han får makta:
"Når en klasse, en del av en klasse eller
et parti kom til makten i tidligere tider,
var dette sluttresultatet av klassens
oppståelse og utvikling. Stikk motsatt
av forholdet i Sovjetunionen. Der ble
den nye klasse definitivt dannet etter at
den hadde vunnet makten". Røtene til
den nye klassen låg ikkje i heile bolsjevikpartiet
"men i det laget av profesjonelle
revolusjonaere som utgjorde kjernen
i det, selv før det kom til makten".
Denne kommunistiske tradisjonen
meiner AKP stadig at det har tatt eit
oppgjer med, slik partiet meiner å ha
oppsummert ei rad av dei historiske feila
som er gjort i sosialismen og kommunismens
namn. Haken ved det er at
feila blir forklart med at dei nye makthavarane
har blitt eit nytt borgarskap,
mens Djilas held fast på at det er ein ny
klasse av kommunistiske makthavarar
som meir enn nokon annan herskande
klasse vil kontrollere absolutt alle område
av samfunnslivet. Han skriv at den
nye klassen "ble til virkelighet av objektive
grunner, den skyldtes ledernes ønske,
klokskap og handlekraft". Men:
"partiets rolle (minsker) etterhvert som
den nye klasse blir sterkere og får et tydeligere
ansikt... Det engang så levende
og sammensveisede parti, som var fullt
av initiativ, forsvinner og blir omformet
til den nye klassens tradisjonelle fåmannsvelde,
som uimotståelig trekker
alle som streber etter å bli medlemmer
av den nye klasse og undertrykker alle
som har noen idealer" (uth. av meg).
AKP er som kjent ikkje noko statsberande
parti, men det er den reelle eigaren
av denne avisa, Klassekampen. Korleis
partiet i kapitalistisk eller forretningsmessig
forstand har skjøtta denne
rolla, kan det vurdere best sjølv. Men
om vi ser på den politiske utøvinga av
dette eigarskapet slik vi har sett det demonstrert
i det siste, framstår kva som
helst borgarleg bedriftseigarskap som
mild humanisme i
forhold. Denne sakas akter er ikkje
naudsynt å utbrodere her, men kva lit
kan folk feste til eit parti som stadig forsikrar
oss om sine oppgjer med "den
svarte tradisjonen" i kommunismens
historie (eit uttrykk partiet brukte etter
KKPs knusing av Tienanmenopprøret),
når det i sin relative maktposisjon
gjer vald på alle sine påståtte laerdomar?
Det innlysande svaret frå partiet vil
vere at det som revolusjonaer fortropp
under kapitalismen har ein historisk
misjon som rettferdiggjer alt. Knusinga
av KKopprøret har ein proletaer klassekarakter.
Men det kan med minst
like stor rett hevdast at det er kimen til
kjerna i den nye klasse som her demonstrerer
sitt sanne andlet. Det er eit
sjikt på nokre få hundre som påberopar
seg å representere ikkje berre alle
"aktivistar", men alle dei tusen som har
halde liv i denne avisa.
Når det gjeld den pågåande debatten,
siktar eg ikkje her til alle slags innlegg
med meir eller mindre begrunna
kritikk av Klassekampen (t.d. Bente
Volder tysdag 23.9.). Eg siktar til dei
som ope signaliserer at den avisa dei i
kraft av AKPmedlemskap formelt eig,
vil dei også ha attende i sitt politiske
eige. Eit døme er måten Kåre Lie frå
Voss AKP (Klassekampen onsdag
24.9.) atter brukar (den revolusjonaere)
formålsparagrafen mot redaksjonen på:
Å vere revolusjonaer er eine og åleine
gyldig i den tydinga av ordet og den tradisjonen
AKP tolkar og forstår det i.
Mot det vil eg hevde (og det er også
eit svar på siste spørsmål frå Bente Volder
24.9.) at å oppfylle avisas revolusjonaere
formålsparagraf i denne situasjonen
har vore å gjere opprør mot
makta og den måten ho har blitt utøvd
på av AKP. I nokre veldige dagar har
avisa vore fri =96 den friaste avisa i Norge.
Så får det vise seg om AKP står for
ein ny og hittil ukjend historisk misjon,
eller om også det berre er kimen til
"den nye klasse".

ROALD HELGHEIM