Om KK-strida frå Radio RV

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 24 Sep 1997 14:24:19 +0100

Ny giv for Klassekampen som revolusjonær dagsavis

I den norske mediaverda er Klassekampen som dagsavis heilt uunnværleg. Ved
å formidla nyhende ingen andre fokuserer på, og ved å vera eit alternativ
til dei borgarlege mediene er Klassekampen ein enorm ressurs for alle på
venstresida i Noreg. Diverre er ikkje det økonomiske systemet laga slik at
det vil vera mogleg å halde liv i denne typen avis utan at ein aktiv rørsle
stør opp om ho, både med pengar og aktivisme. Den einaste gangbare
strategien for avisa er å knytta seg sterkt til alle som ønskjer å halda
liv i ho, og jobba for å betra samarbeidet med aktivistar på venstresida.
Marknaden kjem ikkje til å halda liv i avisa, det må vi gjera sjølve, noko
vi meiner at den økonomiske utviklinga i avsia syner med all klårleik.

Diverre har vi ikkje sett nokon vilje frå den avsatte redaktøren til å
endra situasjonen i den retninga vi trur er naudsynt. Tvert om har
redaksjonen vore lite flinke til å freista å koma i nokon form for dialog
med lesarane og aktivistane. Dette trass i at det har blitt gjort mange
forsøk på å få folk i redaksjonen i tale. Dette, i tillegg til liten vilje
til å knytta til seg skribentar og korrespondentar utanfor Oslo, gjer at
tilliten har vorte tynnslitt blant ein del av KK sine vener.

I denne situasjonen meiner vi det er rett å skifta redaktør for å få ein ny
giv for avisa. Vi syns nok dette har hendt på ei uryddig og lite smidig
måte, og meiner dette har gjort situasjonen vanskelegare enn han treng
vera. Vi meiner uansett at det no vil vera rett å samla kreftene kring den
nye redaktøren, og få til ein ny giv for avisa.

Radio RV har tidlegare vore ein samarbeidspartner for avisa, og vi stiller
gjerne opp om att for å halde liv i den viktigaste avisa i Noreg.

Kameratsleg helsing

Radio RV
Pål Hellesnes, redaktør

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------
r