Kulturradikalismen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 24 Sep 1997 10:57:04 +0200

Åtvaring I: Dette er eit innlegg i ordskiftet om KK. Åtvaring II: Innlegget
handlar om politikk. Åtvaring III: Innlegget handlar i liten
grad om AKP, RV eller SV - men meir om den sokalla venstresida.

Me har nett vore gjennom eit stortingsval, og eg sluttar meg heilt til Sira
Myhre (sjøl om eg ikkje gjorde det på valdagen) i at det er ei
lette at dette valet er ferdig. Eit av dei mest interessante og nedslåande
valresultata var valet av ein SVar på ei antisamisk plattform
frå Finnmark. Her spør eg kvar var denne venstresida når Ballo køyrde sine
samepolitiske liner - og har dei vakna meir no etter valet?

Me kan sjølvsagt lura på kvar Kristin Halvorsen, Øystein Djupedal og dei
andre SV-leidarane var. Vel so interessant er det kvar alle
kulturradikalarane og dei radikale intellektuelle var - Roy Jacobsen,
Hylland Eriksen diverse forlagsredaktørar m.fl. Den seinaste tida
har desse vore tapre riddarar for demokrati, rettferd og elles alt som er
godt når dei har kjend desse verdiane truga av eigarar og lesarar
som pukkar på at avisa må jenka seg etter ein revolusjonær sosialistisk
føremålsparagraf. Desse utkøyra frå SV-toppen i Finnmark saman
med FrP-leidarar og høgrevridne foreldre i Tana med frenetisk redsle for det
samiske, har langt på veg skrudd tida eit par tiår attende
i samiske spørsmål i Finnmark. Då er det ålvorleg at den sokalla venstresida
ligg skinnflat og teier med øyredøyvande bulder.

Og KK då? KK har vore borti problemet. Hugsar eg ikkje gale var det Roald
Helgheim som skreiv ein artikkel med brodd imot Frp. Artikkelen var
greid nok. Men problemet var jo at det ikkje var Frp, men den sokalla
venstresida som fekk vald inn ein antisamisk kandidat.

Venstresida? Venstresidas avis? Tamtaratam!!!!

Og dersom nokon no skulle ha trong til å oppsummera at eg ikkje ynskjer å
alliera meg med andre enn dei politisk rett-truande - er det
heilt gale. Eg har ikkje gjort anna enn å peika på at delar av den sokalla
venstresida aldeles ikkje står til venstre. No nemnde eg Ballo
i samepolitikken, eg har tidlegare nemnd Roy Jacobsen i EU-politikken -
lista kunne gjerast lang - diverre med mange innslag frå ei viss
underskriftsliste i KK-striden. (Neidå - eg har slett ikkje gløymt det eg
tidlegare har sagt - at det står mange utmerka folk på denne lista).
Personar i parti som tradisjonelt vert plasserte til høgre for SV er langt
meir radikale - dei har sett det store mynsteret i EU-tilpassing, avfolking,
kulturell arroganse og privatisering av offentlege tenester. Dersom omgrepet
venstresida (som jo er eit breidt politisk omgrep)
skulle ha noko meining måtte Lundteigen heller enn Ballo, Anne Enger
Lahnstein heller enn Roy Jacobsen definerast inn. Rett nok er dei ikkje
sosialistar eller marxistar - men skal ein no fyrst tenkja politisk står dei
jo på rett side i dei viktige sakene der dei hine har hamna
på vidotta. Neidå eg skal heller ikkje gløyma Ebbing, Hjellum og andre
liknande. For dei som måtte lura på om eg no har gløymt reidarskatten
eller at Lahnstein er ein kristeleg abortmotstandar - svaret er NEI (fekk du
med deg den detaljen Ekeland???).

Med kulturradikalismen ved roret i KK gjer me knefall for den sokalla
venstresida. Til helvete med husfreden på den sokalla venstresida - nei
til KK som organ for denne.

Til slutt - som eit påheng: A. Ekeland har stilt meg (og andre) spørsmålet
om kva eg meiner om Torstein Dahle sitt KK-innlegg. I tidlegare
innlegg på KK-forum har eg argumentert for kvifor det no (diverre) er
naudsynleg å bruka eigarmakt. Om Torstein Dahle skulle stå for eit noko
anna syn enn meg - endrar ikkje det utan vidare mine vurderingar ettersom eg
ikkje kan sjå at Dahle bringer fram noko som var nytt eller ukjend for meg.
Dessutan tykte eg nok at Ekeland si utlegning/referat av Dahle var i
overkant tendensiøst selektivt. Eg er slett ikkje sikker på at
eg og Dahle står so langt frå kvarandre i synet på KK-striden.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41