RE:_På_tide_med_konstruktiv_debatt_om_KK

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 24 Sep 1997 10:29:56 +0200

Rune Soma har hatt eit av dei få konstruktive innlegga i denne
debatten. Det er trist at skyttargravsstemninga rår (somme
bruker direkte ordet "krig"), for eg trur vi er samde om mykje.

Så vidt eg har sett, er alle nokså samstemte om å ønskje ei
radikal og kritisk avis basert på aktiv støtte frå lesarane,
og med den noverande formålsparagrafen (eller noko nær den).
Vi er også samde om (trur eg) at vi respekterer formalitetar
som redaktørplakaten (no har vel alle lese den) og aksjelova
(iallfall i denne samanhengen), men at vi prøver i det lengste
å løyse konfliktar utan å ta i bruk paragrafane.

Vi har ulike meiningar om innrettinga på ein del av stoffet, og
kanskje på kven vi ser som målgrupper for avisa. Slik usemje
kan vi leve med, for dette er fruktbare diskusjonar som må
takast omatt frå tid til annan. Vidare er vi usamde om det var
rett å avsetje redaktøren. Akkurat den saka foreslår eg at vi
legg bak oss. Gjort er gjort, og eg oppfattar det slik at også
redaksjonsklubben har godteke dette, sjølv om dei ikkje likar
måten det vart gjort på.

Det viktige no er å sjå framover og diskutere korleis vi kan
gjere KK til det ho bør vere. I samanheng med dette bør ein
også sjå person- og eigarspørsmåla: kven bør bli ny redaktør,
vil nokon kjøpe aksjar og ellers satse pengar på avisa, bør
styreleiaren gå osv.

Rune Soma skriv m.a.:
>Skal KK overleve som dagsavis må opplaget opp; la oss si til 10.000
>abonnenter. ...
>
>Om folk skal være villige til å bruke nesten to tusen av sine surt ervervede
>kroner på å abonnere på KK, må avisa fylle et behov. Et behov som ikke
>dekkes av "Nummer 1"- avisene. ...
>
>Mon tro om ikke KKs styrke ligger i nisjene. I det å kunne spesialisere seg. ...
>
>Skal man treffe nisjene, må man være god på de sakene nisjene er opptatt av.
>Man må gjøre avisa til et MUST for målgruppa. Et forum som setter dagsorden. ...

Eit viktig poeng for Soma er at 10.000 er langt over talet på
"revolusjonære" (kva vi no legg i det) her i landet. Det bør
ikkje hindre at KK har stoff som mange andre grupper treng,
på same måten som andre nisjeaviser. Soma nemner radikale og
kvinnelege tillitsvalde, anti-imperialistar og miljørørsla i
tillegg til den meir upresise "venstresida".

Sjølv vil eg legge til EU-motstanden, som Soma nemner
indirekte. Folk er opptekne av matkvalitet og energiprisar,
sjølv om mange ikkje skjønar at dette har med EU-tilpassinga
å gjere. Vi treng ei avis som set slike ting på plass og grev
fram informasjon. Dersom det blir ei Bondevik-regjering, bør
avisa følgje den med eit kritisk blikk, både på EU-tilpassing
og ellers.

Å vere nisjeavis for fleire sprikande målgrupper kan sikkert
by på utfordringar. Lesarane vil sjølvsagt bla forbi noko,
men det toler dei dersom det likevel er nok stoff som dei
"må" lese.

Ei viktig innvending mot KK har vore Oslo-sentreringa. Å
dekkje hendingar rundt om i landet krev store ressursar, men
i denne debatten har fleire meldt seg som frivillige
korrespondentar. Avisa bør vurdere seriøst å bruke ein slik
ressurs, og kanskje tilby opplæring og oppfølging.

KK kan neppe overleve som husorgan for AKP, og blir ho eit
slags radikalt Dagblad, vil mange seie at det kan vere det
same. Det må finnast ein mellomveg!

Lars Staurset