Støtte til Klassekampen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 10 Sep 1997 10:30:46 +0200

Mi støtte til Klassekampen går ut på å tinga ei avis som eg (eg er både
kulturpolitisk aktivist og akademikar i eit
humaniora-fag, og dessutan marxist - tenk det Hedda) stendig finn at eg har
mindre til sams med. Ut frå det eg kan
sjå får me mindre og mindre bruk for Klassekampen medkvart som avisa fjernar
seg meir og meir frå dei røynlege politiske kampane
(klassekampar og andre kampar) som går føre seg. Og ogso medkvart som avisa
rotar seg inn i dei mest tåkelagte av dei norske akademiske
tradisjonane. Særleg kulturstoffet får det til å frysa nedover ryggen på
meg med jamne mellomrom. Intellektuelt skal det vera - so intellektuelt at
me intellektuelle som ikkje er opptekne av å demonstrera kor mange bøker me
trur me har forstått og som synst det er eit politisk poeng at kulturen skal
sprengja råmene for tradisjonane frå Det kongelige Fredriks Universitet
((Universitetet i Oslo) - d.v.s. den gamle embetsmannstradisjonen - synst
det er både platt og uinteressant.

Kanhenda er eg ei enkel sjel. Men eg har alltid trudd at Klassekampen var
eit politisk prosjekt. Dersom avisa sluttar å vera det - er ho
verd syrgjeleg lite. Difor har dei som ynskjer å få politisk styring over
avisa mi fulle støtte. Denne synsmåten er det sjølvsagt
mange som vil utleggja som antidemokratisk o.s.b. - då minner eg om at det
mest demokratiske for Klassekampen må vera å driva ei avis
i samsvar med den føremålsparagrafen som er vedteke. Sidan eg aldri har vore
i posisjon til å uttala meg på vegner av AKP seier eg
dette klårt og tydeleg: Støtte til Klassekampen er slik som eg ser det
støtte til at Klassekampen legg om kursen.Vil redaktøren vera med på dette
er det best - vil han det ikkje bør han finna seg ein annan jobb. Mange har
jo peikt på at det er lett for KK-folk å få arbeid i
borgarpressa - so noko stort problem er det vel ikkje...? Eg tykkjer det er
talande for arrogansen til støttespelarane for den rådande lina i KK at dei
møter alle krav om politisk skjerping av avisa med den same gamle mantraen
om at det vil seia det same som å driva papegøyeverksemd for AKP. VERDA ER
IKKJE SLIK AT VALET STEND MELLOM KK SI FLEIRTALSLINE OG EIT AKP-UNDERBRUK.
Eg trur faktisk AKP sjølv skyner dette betre enn redaksjonen i Klassekampen.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41