Er striden i KK antagonistisk?

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 10 Sep 1997 11:48:22 +0200

Dette ordet høyrer ikkje til daglegtalen min, men det er kjent for mange
som les KK og KK-forum. Må denne striden ende med at den eine parten "vinn"
og den andre "taper", eller kan det tenkast at KK kan leve vidare med eit
slags kompromiss?

Dersom "redaksjons"-linja vinn, har mange her på forumet sagt at dei ikkje
ser på KK som si avis lenger. Aktivistane (i den grad dei enno finst) vil
falle frå, og vi står i verste fall att med ei slags kulturradikal avis som
eit venstre-supplement til Dagbladet. (Dette får eventuelt redaksjonen
korrigere; eg har ikkje oppfatta kva slags program eller formålsparagraf
dei ønskjer.)

Dersom "aktivist"-linja vinn, vil etter det eg skjønar delar av redaksjonen
trekkje seg. Andre media vil (med rette eller urette) plante inntrykket av
at AKP har teke kontrollen, at redaktørplakaten er sett til sides, og at
det blir lågt under taket.

I begge tilfelle vil KK tape på det, og kanskje ikkje overleve. Det blir
eit heilt utenkeleg tap for venstresida. Vi er alle samde (trur eg) om at
KK har mykje som vi ikkje kan greie oss utan: utanriksstoff, EU-dekking
osv. Vi er usamde om kulturstoffet og om innrettinga på ein del av
innanriksstoffet.

Går det ikkje an å leve med denne usemja, og diskutere vidare i rolege
former? Det er meir å tape enn å vinne med å tilspisse striden.
Sjølv toler eg godt at avisa har ein del artiklar som eg ikkje les.

Lars Staurset