Sofisme og "ytringsfridom" (var Re: Nei til forbud)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Tue Jan 30 2001 - 22:59:21 MET

  • Next message: kato@nykvist.com: "Voldelige antifascister"

    Le Lun, 29 Jan 2001 21:10:33 +0100
    "Svein Arne Tinnesand" <sonjadt@online.no> a écrit:
     
    > Et generelt forbud mot nazisme vil være et større slag mot
    > rettsikkerheten enn mot nazismen. Det er illusoriusk å tro at nazismen
    > bekjempes gjennom forbud men det er klart et problem hvis samfunnet skal
    > vedta lover mot meninger. Det finnes i dag lover mot rasistiske utrykk,
    > mot vold og mot drap. Dette lovverket kan anvendes mot nazistene på
    > samme måte som det kan anvendes mot alle som utrykker intoleranse, tyr
    > til vold eller drap.

    Ja, men det blir ikkje gjort. Staten er tvert imot overberande med
    rasismen og framandhatet. Kvardagsrasismen er ein tolerert tilstand.

    Nokre av dei største avisene fungerer i praksis som pådrivarar ved måten
    dei "monterer" nyhende på: den framandfiendlege agitasjonen i Akersgata er
    velkjend for dei fleste. Den blinde jakta på det sensasjonelle får dei til
    å drite på seg sjølve, men det gjer ikkje noko, for dei tener pengar på
    det. Eg kjenner ikkje NRK lenger, men det ville ikkje forundre meg om det
    gjekk i same leia med den statlege krigkastinga, (utan at dei direkte
    tener pengar på det).

    Det neststørste partiet i Noreg fungerer på same måten. Både Hagen-
    og verstingflokken er meir og mindre openberre rasistar, og ein stor del
    av suksessen er basert på den framandfiendlege bodskapen. Kvar gong
    rasismen t.d. blir tema i samfunnsdebatten, får desse stor plass i media.
    Ikkje for å bli spikra på veggen, men for å koma med dobbelsidige,
    demagogiske bortforklåringar, og for å uttrykkje kor "indignerte" dei er.
    Hagen er ein skåprasist bak den fin-vulgære maska, og ein politisk
    kjeltring, men han kjem kanskje i regjeringsposisjon om ikkje så
    lenge...

    Statsadministrasjon, politi, (forsvar) og påtalemakt har mange
    framandfiendlege i sine rekkjer, også opne rasistar og nazistar. Politisk
    debatt om innvandringspolitikken er vanskeleg, fordi staten ikkje er
    politisk, og fordi desse spørsmåla såleis "blir" administrative, juridiske
    og "innfløkte".

    Men det er ikkje så innfløkt når det kjem til stykket. Tre nynazistar
    sikta for mordet på Benjamin Hermansen er sluppne ut att. Den som skal ha
    nytta kniven, og som framleis er fri einkvann staden, blei ikkje sikta for
    ei tilsvarande handling i desember. Styresmakter og media let som om dei
    er indignerte, nokre er til og med "forbausa". Dette trass i at politi og
    påtalemakt i åresvis har tolerert, og i praksis sett mellom fingrane på
    kriminelle handlingar utførd av nynazistar og andre rasistar. Det er elles
    ikkje det første rasistmordet i Noreg, som det blir hevda. Kva med han som
    blei jaga på elva i Sogndal? Og kva med alle "nesten-dødsfalla" etter
    rasistiske overfall dei siste åra? Det rådande tartufferiet gjer det
    mogleg å seia kva som helst.

    Kva kan ein vente i ein slik situasjon? Ikkje anna enn at dette spreier
    seg. Nazistar og rasistar har hatt carte blanche altfor lenge.

    Handheving av det lovverket som alt finst i samband med rasistiske
    ytringar og handlingar, eller eit forbod mot organisering av høgreekstreme
    grupper, vil sjølvsagt ikkje fjerne nazismen og rasismen. Men det vil ha
    ein stor SYMBOLEFFEKT.

    Då Yahoo i Frankrike blei dømde til å fjerne alle referansar til auksjonar
    over nazi-gjenstandar på Internett, blei det skrike opp om
    "ytringsfridom", men dette blei vraka ut frå den "ekstensive" idéen om
    fridom - den som seier at fridomen for den eine sluttar der fridomen til
    dei andre byrjar.

    Dette prinsippet har ikkje nedslagsfelt i angloamerikansk juridisk
    tenkjing og praksis, og Yahoo heldt fram den franske domen som eit åttak
    på "ytringsfridomen" i full forståing med amerikansk rettspraksis.

    Den kvalmande stanken av historisk revisjonisme er aldri på lang avstand
    frå nazikultusen, som direkte eller indirekte blir halden ved like av
    såkalla "amatørhistorikarar" og "samlarar". Det er skræmande at ein så
    stor og viktig portal som Yahoo ikkje eit einaste sekund tenkte meir på å
    forsvare sitt gode rykte, og ryktet til Internett. Men det handlar om
    kommers, og ikkje så reint lite om påstanden som går ut på at virtuelle
    pengar ikkje har noka lukt.

    Den franske domen hadde ein symboleffekt, og eit forbod mot rasistisk og
    høgreekstrem organisering vil i det minste også ha ein slik effekt. Det
    vil gjera det vanskelegare å fungere for kriminelle rasistiske grupper.
    Ein må gjera risikoen så stor at han har preventiv effekt, slik at desse
    gruppene blir så marginaliserte at dei ikkje lenger vil trekkje til seg
    ungdom.

    Gjer ein undertrykkjing av kriminelle handlingar til eit spørsmål om
    rettstryggleik og ytringsfridom, havnar ein i noko som tangerer til
    sofisme.

    Desse gruppene vil sjølvsagt halda fram i det løynde same kva slag tiltak
    som blir sette ut i livet, fordi dei er nyttige for visse krefter i gitte
    situasjonar. Det finst okkulte band mellom fascistar og mektige, personar,
    organisasjonar og selskap. Dette finst det dokumentasjon for.

    Det norske "overvåkingspolitiet" har nytta langt større ressursar på å
    spionere på pasisfistiske venstreradikale organisasjonar og
    enkeltpersonar, enn på å halda styr på kriminelle høgreekstreme grupper.
    Den pågåande og avlegse "Viksveen-saken" viser tydeleg kva som styrer
    prioriteringa til denne institusjonen. Og dette er ikkje noko isolert
    tilfelle, men ein del av eit system.

    > Kampen mot nazismen er ikke først og fremst en kamp mot mer eller mindre
    > lovvløse ungdomsgjenger. Kampen mot nazisme er først og fremst en kamp
    > for toleranse, demokrati og rettsikkerhet. Regjeringens bidrag i denne
    > kampen kan være å styrke rettsvernet for innvandre og flyktninger og
    > bidra til en humanisering av innvandringspolitikken slik at Norge
    > framstår som en nasjon der toleransen settes i første rekke.

    Eg er samd i dette, og det er det neste trinnet. I praksis vil det seia at
    kampen mot Fremskrittspartiet må intensiverast, sjølv om dette høyrest ut
    som ei mest umogleg oppgåve. Den interne krangelen ser ikkje ut til å ha
    påverka veljarane, (jf meiningsmålingar nyleg). Lat oss vona at dei held
    fram med å krangle, helst splittar seg. Då det oppstod krangel og
    splitting i Front National ved førre parlamentsval, fekk det katastrofale
    følgjer for partiet, og det er i dag så godt som fråverande i det franske
    samfunnet. Men rasismen og dei fascistiske idéane er ikkje borte
    sjølvsagt.

    Det er den "folkelege" rasismen som er problemet, og som gir Frp og andre
    populistar og fascistar slik vind i segla. Men denne finst også i dei
    andre partia. Dei ytterleggåande rasistiske gruppene opererer i skuggen av
    dette. Den statlege, institusjonelle rasismen er mogleg fordi det finst så
    liten opposisjon. Eg trur sjølvsagt ikkje at den folkelege rasismen kjem
    dalande frå himmelen som den heilage anden, men det er ein stor debatt i
    seg sjølv.

    For å unngå at "kamp for toleranse, demokrati og rettssikkerhet" ikkje
    berre blir flosklar som det alt finst mange av, må ein byrja med å agitere
    mot kvardagsrasismen, og setje han i perspektiv, dvs. vise korleis slikt
    endar. Dette høyrest vel flott ut...

    "AP-staten" er sikkert og visst rasistisk på mange område, men det er
    berre eit stadium - eit steg på vegen mot den framtidige "Frp-staten".

    Det handlar ikkje eigentleg om politikk lenger. Gradvis og i det løynde er
    staten blitt ein "teknisk ting". Frp har ingen politikk, og om dei hadde
    det, ville dei sjølvsagt ikkje stå fram med ein open rasistisk og
    fascistisk politikk. Historia til det førre hundreåret er for nær.

    "Sakene" vil bli balla inn i administrativ, juridisk og annan "innfløkt"
    emballasje, bak enkle og populistiske talemåtar. "Politikken" kjem smått
    om senn til å forsvinna heilt, under ein flaum av "postmoderne" og
    fatalistiske analysar og kommentarar frå alle slags nærsynte ekspertar,
    sovande forfattarar og andre lettbeinte "kulturaktørar".

    Dette heiter nyfascisme, mesdames et messieurs! Velkomen til det tredje
    tusenåret! Det er på høg tid å setje ræva i gir no!

    Oddmund Garvik

    PS: Roald Helgheim kjem ofte med interessante kommentarar.
    Desse er er frå Dag og Tid nr. 40, 7. oktober 1999:
    http://www.dagogtid.no/arkiv/1999/40/roald
    ds.
    <<<<<<<

    Roald Helgheim: Norge i svart, kvitt og brunt

    Vi er stolte over å bu i Norge, spørsmålet er: Er Norge
    stolt av oss? Det spør Kadafi Zaman i boka Norge i
    Svart, hvitt og brunt (Forum/Aschehoug) som kom ut
    på den tida valkampen starta i sommar. Zaman er fødd i
    Drammen for 25 år sidan, som barn av den første
    generasjonen innvandrarar som kom hit då landet låg
    vidope for billeg, god arbeidskraft på syttitalet. Men
    Kadafi Zaman kallar seg ikkje andre generasjon
    innvandrar. Han er førstegenerasjons-nordmann.

    Han vart kumulert opp frå 54. til fast 16. plass og valt
    inn i bystyret i Lier for Arbeidarpartiet, og har vore
    utsending til partiets landsmøte. Då boka kom, fekk han
    mest omtale for kritikken av sitt eige parti. Det var bra
    av Jagland å peike ut Frp som hovudmotstandar i
    valkampen, men Jagland må først sikte kanonane på
    Youngstorget inn mot eigne rekkjer, skriv Zaman. Det er
    det manglande oppgjeret i partiet som gjer Ap usikkert i
    åtaka på Hagen, for dersom dei ikkje skjønar at
    sosialdemokratiet står for fridom og solidaritet, kan han
    ikkje forstå kva dei gjer i organisasjonen. "Kall dem
    halvgermanske hyklere. Tiden er inne til å utfordre
    denne destruktive råten."

    Slik eg les boka, er ho likevel noko mykje meir enn eit
    oppgjer med haldningar i eige parti. Når Zaman snakkar,
    snakkar han til likemenn og -kvinner uansett bakgrunn.
    Som nordmann god som nokon går han laus på alle slags
    haldningar som er til hinder for eit samfunn der alle blir
    vurderte på lik fot. Åtaka på den spesifikt
    framandfiendtlege politikken til Frp er kvass og klår, men
    Zaman seier det også slik: "Tvungen norskopplæring,
    fjerning av morsmål og kutt i støtte til muslimske
    foreninger er småsnacks i forhold til at f.eks.
    dagpenge-ordningen og barnehagestøtte skal fjernes."
    Faren hans seier at eit Hagen-samfunn er meir til skade
    for nordmenn enn for han, og blir det for ille, kan han
    flytte attende. "Og så smiler han. Men det gjør ikke jeg.
    For jeg har ikke noe annet hjemland å dra til. Skal jeg
    leve skal jeg gjøre det i Norge, og skal jeg dø skal jeg
    gjøre det i Norge. Det som er trist, er at verdens beste
    land å bo i har blitt en forbannet jammerdal der folk
    flest ikke aner hvor godt de har det!"

    Dette er ein tråd i boka til Zaman. Han er takksam for
    at foreldra hans drog til det landet han meiner er eit av
    dei beste i verda å bu i. Med endå større styrke går han
    laus på alle fordommar i alle slags leirar. Han er lei det
    tapar- og problemstemplet som alltid blir klistra til folk
    med innvandrarbakgrunn, om det er velviljug eller
    vondsinna meint: "Innvandrerforeldrene er psykotiske og
    vrange, innvandrerbarna er sterkt kulturkolliderte og det
    norske samfunnet er den reddende engelen."
    Forfattaren Hege Storhaug, som særleg skriv om kvinner
    i innvandrarmiljø, er ein av dei som får gjennomgå i
    klassen av "ekspertar" som i utgangspunktet er
    overtydd om at dei fleste innvandrarkulturar er
    undertrykkjande og diskriminerande, og han kallar boka
    Hellig tvang "et moderne korstog som etter mitt skjønn
    har bare ett mål, knuse vår identitet og selvrespekt".
    Samstundes elskar nordmenn folk som gjer opprør mot
    sin eigen kulturarv. "Jeg er ikke i tvil om at hadde jeg
    gått rundt og sagt at islam og den pakistanske kulturen
    er sinnssvak, ville jeg blitt mottatt med halleluja-rop",
    skriv Zaman, muslimen som også har studert den kristne
    bibelen meir enn nordmenn flest.

    Etter at 400.000 veljarar røysta Frp i 1997, prøvde
    Zaman å setje seg inn i tenkjemåten til ein
    gjennomsnitts Frp-veljar. Han skreiv det ned som eit
    "innlegg" frå ein av dei, og fekk det på trykk Drammens
    Tidende. Det var ikkje berre Frp-folk som reagerte på
    ironien, men like mange frå Høgre, Sp, Krf og Ap. Med
    dette som utgangspunkt går han inn i den latente
    "framandredsla" i oss alle, på ein måte som er til å få
    forstand av. Kvifor proklamerer vi antirasistiske soner i
    staden for at den einskilde gjer seg fordomsfri? Kvifor
    trur dei fleste at gjengungdommar er barn som er
    vaksne opp i krigsherja land, når faktum er at dei er
    vaksne opp i ein sosial krig i Norge, spør forfattaren som
    stiller seg kritisk til parolen "Utan innvandrarar stoppar
    Norge".

    Det er ein ny parole for ny import av billeg arbeidskraft
    til eldreomsorg og andre yrke andre ikkje vil ha. Når
    seksti prosent er positive til auka innvandring, peikar
    han på at på 70-talet var prosenten sikkert nærare
    hundre, men generasjonen etter er dei eit problem.
    Mennesket er alltid positivt til det som fremjar eins
    eigen økonomi og velstand, men kva skjer når det blir
    dårlegare tider att, spør Zaman, som definerer
    integrering bort frå det Norge har bestemt er bra for å
    leve i landet. "Det er en rett å skille seg ut, å være
    annerledes er integrering. Å kunne morsmål er
    integrering. Å gi en som heter Ahmed arbeid er
    integrering. Integrering er oss, hver og en av oss, enten
    vi er nordmenn eller innvandrere."

    Ettersom valkampen er over, kan vi byrje å diskutere
    politikk på alvor att. Det er no boka til Kafadi Zaman er
    aktuell.

    Roald Helgheim - © Dag og Tid

    >>>>>>>
     
    ______________________________________________________________________________
    ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
    vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
    http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Tue Jan 30 2001 - 22:59:56 MET