Om forum og einsretting

From: Inge Staldvik (ingesta@online.no)
Date: Thu Jan 04 2001 - 23:10:12 MET


Hei, og godt nytt år til alle!

Eg er ikkje blant dei som er overraska over krav om sensur og einsretting. At nokre som er misnøgde med KK-forum brukar alle middel på å sverta og etter kvart knekka dette viktige forumet er vel heller ikkje overraskande.

Det vil vel alltid vera slik at vi meiner at "eigne tankar" er dei rette. Og dei fleste av oss freistar spre vår eiga tru/bodskap til flest muleg - da er det ikkje alltid velkome at andre får presentera sine synspunkt like godt (eller kanskje t.o.m. betre!!!) enn oss - jfr. misjonsarbeid i Tibet og andre stader...

Men kva skal vi med eit forum som berre slepp til og presenterer dei "rette" synsmåtane? Kva slag ordskifte blir det av slikt?

Etter at eg melde meg inn på denne lista har eg ikkje vore blant dei aktive til å skriva, men eg har funne lista interessant avdi her ikkje er sensur (med unnatak av avgrensinga mot nazistane), her er plass for "sære" tema, og her finst nokre "brysame" - og til dels usaklege - debattantar. Alt dette har gjort det spennande å følgja med!

Difor; hald fram som før - nei til sensur og einsretting! Kven skal halda i hevd "ytringsfridomen" som vi prisar så høgt her til lands, om ikkje ei debattliste på venstresida?

Med helsing
Inge Staldvik

Lyshaug, 7893 Skorovatn
Tlf 74 33 57 27
Mobil 41 31 35 11

Inge Staldvik
Lyshaug, 7893 Skorovatn
Tlf 74 33 57 27
Mobil 41 31 35 11



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:43 MET