Godt nytt år, og takk for meg

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Tue Jan 02 2001 - 07:56:44 MET


Etter å ha vore med nesten frå starten, vil eg no ved årsskiftet melde
meg ut av KK-forum. Det er ikkje i protest mot bestemte deltakarar eller
fordi eg ikkje toler debattstilen, men for å prioritere andre fora og
gjeremål.

Det har vore interessant og lærerikt - på godt og vondt - å vere med
her, men for meg står ikkje nytta lenger i forhold til innsatsen med å
sortere skit og kanel. Kanskje eg kjem att seinare.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:42 MET