"Gjenutsettelse"

From: Viktor Stein (viktorstein@hotmail.com)
Date: Wed Nov 29 2000 - 15:22:57 MET


  Til Garvik: Du spør kven som har forvalta fiskeressursane i Nordsjøen. Det
trudde eg faktisk du visste. Det er EU som forvaltar fiskeressursane i alle
havområde som høyrer til EU-land, det såkalla EU-havet. Om Norge skulle bli
EU-medlem, har vi ikkje lenger nokon nasjonal forvaltning av fiskeressursar.
Borgarar frå alle EU-land vil då kunne fiske i norske havområde, EU vil
fastsette kvotane, EU vil ta over kvoteforhandlingane med Russland osb. Med
andre ord: ein av dei verkeleg store skilnadene mellom EØS og EU-medlemskap.
  Om Norge er ein mønsterstat? Nei, vi har mykje rangt å bale med her òg.
Men to saker skal understrekast:
  For det første: Dei lovene som vart laga for norsk fiskeriforvaltning i
fiskeriminister Eivind Bolle si tid - og som stort sett gjeld i dag òg - er
slett ikkje det verste fiskarane kunne ha fått. Ein kunne i alle høve ha
risikert noko langt verre om andre enn Bolle hadde fått styre med dette i
siste halvdel av 70-talet. No finst det veike punkt i norsk fiskeregime
også, ikkje minst i høve den havgåande flåten med dei store trålarane og
industrifisket, men jamført med andre fiskerinasjonar står Norge seg godt.
  For det andre: Når Bolle kunne føre ein såvidt standhaftig kamp mot
rovfiske, for strengare reguleringar osb.,så var det fordi han hadde nær
kontakt med fiskarane og kjende trykket frå dei. Dessutan var det ikkje så
svært lenge etter EF-avstemninga i 1972, og DNA hadde behov for å gjere seg
til vens med fiskarane igjen etter den smellen partiet fekk i
etterdønningane etter folkeavstemninga. Noko heilt anna vil det bli om den
dagen skulle kome at Norge blir EU-medlem. Då ville fiskarane si røyst knapt
bli høyrt i Brüssel. Med andre ord, det er snakk om muligheit for å bli
høyrd, andre brukar ord som demokrati kontra demokratiunderskot. Eg vil
ikkje hevde at Norge er noko mønsterdemokrati, og Bolle sjøl går i dag og
knyt nevane i bukselomma og svèr over Jagland og Stoltenberg. Men enn så
lenge går det faktisk an å presse dei til ein viss grad, og kan hende tilmed
kaste dei. Men den dagen dei kan gøyme seg i EU-korridorane i Brüssel, vil
det bli bortimot håplaust.
  Til slutt kjære Garberg berre dette: eg kan ha stort tolmod i mange
ordskifte, også i EU-debatten, og sjølsagt skal ein argumentere sakleg og
vere høvisk mot motstandarar òg. Men det finst faktisk ei grense, for meg
gjeld det især presumptivt velorienterte menneske som skit i dei livsviktige
interessane som vanlege slitarar - som fiskarane t.d. - kjempar for. Når du
ikkje ein gong kan ta eit klårt standpunkt i ei sak som dette med
fiskeressursar og rådevelde over dei, så ser eg faktisk ikkje vits i å
debattere dette meir med deg. - Du seier rett nok at du er kritisk til EU.
Den kritikken har i alle fall eg problem med å finne så mykje av på dette
forumet.
_____________________________________________________________________________________
Get more from the Web. FREE MSN Explorer download : http://explorer.msn.com



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:28 MET