Ingen panikk på Titanic (var Re: Kugalskap no også i Tyskland)

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Wed Nov 29 2000 - 16:22:42 MET


Eit avsnitt hamna på feil plass , og det blei ein litt merkeleg overgang
mellom to avsnitt i det førre innlegget. Det gjekk litt for fort med
andre ord. Her kjem ein korrigert versjon:

ivar.hellesnes@dyrehelsetilsynet.no a écrit :

> Ellers når det gjelder norske forhold:
> Tiltak mot BSE her i landet fokuserer først og fremst på den importen vi
> hadde av 5-600 danske (og noen franske) storfe, hovedsakelig av ammekuraser,
> først på 90-tallet da Øyangen oppfordret til dette. Årsaken til dette er det
> danske tilfellet av BSE i vår.
> Alle disse dyra og deres avkom skal nå være kartlagt, og de vil alle bli
> analysert for BSE ved uttak av hjernevev når de slaktes. Opplegget er da at
> ingen av disse dyra skal sendes ut på markedet før det foreligger en negativ
> diagnose.
> Sannsynligheten for at vi skal ha importert ei BSE-ku fra søsterlandet er
> svært liten, gitt at danskene ikke har mer enn det ene tilfellet av BSE.
> Så får vi håpe at vi ikke også blir rammet av epidemien med etterfølgende
> kjøtt-angst blant forbrukerne.

Håpet er lysegrønt, er ein gamal floskel som aldri går av moten.
Sjølvsagt kan norske styresmakter, statsfunksjonærar, kjøtprodusentar,
grossistar og restaurantfolk håpe at epidemien stansar ved grensa,
liksom atomskya frå Tsjernobyl i si tid skulle ha stoppa på den franske
grensa oppe i Alpane. Men folk flest bør vel tenkje seg om to gonger før
dei kastar seg over kjøtmiddagen i desse tider, same om det heiter "godt
norsk frå Gilde" (for ikkje å seia *nettopp* difor.
http://www.nettavisen.no/servlets/page?section=3&item=131446

Det har alltid undra meg at industrimat frå Gilde t.d. har eit slikt
kvalitetsstempel. Her til lands er produkt frå matvareindustrien pr
definisjon ikkje kvalitetsprodukt. Skal ein ha kvalitet, må ein leite
opp småprodusentane, for det er berre dei som er kontrollerbare og til å
lita på. Det har forresten oppstått ei heil rørsle omkring småproduksjon
av kvalitetsprodukt, med spesifikke krav og strenge kontrollar.
Problemet er at dette sjølvsagt blir luksusvarer, reservert for
velståande, og folk som prioriterer skikkeleg mat og knip inn på andre
område. Vanlege folk og fattige som et husmannskost, må ta til takke med
kjøtvarer under plast à la Gilde, frosenfisk og kurant konsumfrukt og
-grønsaker. Desse er også kontrollerte i prinsippet, men fleire
skandalar dei siste åra har fått fram skrifta på veggen. Det er særleg
kjøtprodukt som skaper problema. Storproduksjon kan aldri gi gode
resultat i matvegen. Det blir for mange ledd og for liten oversikt.
Intensivdrift har først og fremst volum som prinsipp, ikkje kvalitet.
Kvaliteten blir aldri meir enn gjennomsnittleg, også fordi ein har
innført alle slags utanforståande omsyn - kosmetiske kriteriar:
storleik, farge, lukt osb. Alt er basert på ein slags middelverdi, eit
slags minste felles multiplum. Det har undra meg i mange år korleis ein
er komne fram til desse kriteria. Eg har aldri blitt spurt, og eg
kjenner heller ingen andre som har blitt spurt om dette.

Kvifor må ein på død og liv raffinere salt og sukker t.d.? Og kvifor er
uraffinert havsalt og uraffinert rørsukker dyrare enn dei raffinerte
utgåvene? Det motsette ville vera meir logisk på ein måte.

Propagandaen held fram, og folket bit på agnet. "Kjøtt-angsten" er
farlegare enn fornuften. Ein må for all del unngå at omsetninga går
ned...

Lakseksportørane gnir seg i nevane, ser eg. Dei meiner epidemien i
Europa vil føre til eit oppsving i eksporten. Den eine sin død, den
andre sitt brød. Men no les ein i Newsweek at visse forskarar stiller
spørsmål ved framtida til "norsk laks oppfødd på britisk kjøtbeinmjøl".

"Ingen panikk

- Det er sjelden gjestene uttrykker engstelse og tvil om maten før de
setter seg til bords, sier servitør Gry Aasegg. Nye oppslag om kugalskap
fører likevel alltid med seg noen spørsmål.

- Vi merker det når det har vært noe om kugalskap i mediene, sier hun.

Men dette viser seg ikke på omsetningstallene.

- Folk spiser kjøtt som aldri før. Det var smekkfullt da vi åpnet vår
siste restaurant i Kristiansand, sier kjedesjef Gustavsen fornøyd.

Gilde bekrefter at omsetningen av kjøtt på utestedene ser ut til å øke
noe i år i forhold til i fjor."

Dette trass i at den fordervelege substansen sjølvsagt også har blitt
brukt i norsk landbruk.

http://www.dagbladet.no/nyheter/2000/11/28/230238.html

Standard refleksreaksjon i den populistiske tenkjemåten er at dette har
med EU å gjera. Men i røyndomen har det hovudsakeleg med ein viss
filosofi å gjera, eit visst syn på menneska og naturen. Og kapitalismen
sjølvsagt, pengeveldet som heile tida ligg bak. Det er grunnsteinane i
den vestlege "sivilisasjonen" som nok ein gong blir sett på prøve. Noreg
er like "sivilisert" og aggressiv som dei andre. På ein måte kanskje
verre, fordi norske styresmakter løyner seg bak legender og falske
fasadar.

Ein oppdagar at til og med dei som utgjer seg for å basere produksjonen
på naturlege metodar i Noreg, kanskje også har vore med på å spreie
denne gifta, som er alt anna enn naturleg. Debio, godkjenningsinstansen
for økologisk landbruk, vil rett nok no forby all bruk av kjøtbeinmjøl,
i det minste i "økologisk" landbruk. Eg set "økologisk" i hermeteikn
fordi eg tykkjer det er på sin plass etter mange år med slik praksis.
Kva med resten av landbruket? Kva med husmannskosten? Er det nok med
importforbod av utanlandsk kjøt? Er det nok å setje norsk flagg på
bordet, og på plastpakkene med biff, eller anna kjøt?

Det var det m.a. tyskarane og italienarane ville gjera. På
landbruksministarmøtet i Bruxelles for rundt 14 dagar sidan ville ingen
vera med på det franske forslaget om å leggje ned forbod mot all bruk av
beinmjøl i husdyrhald. For dei nordiske, inkl. Tyskland og Austerrike
var det "å gå over streken". Problemet eksisterer ikkje overalt, hoverte
dei. Berre nokre dagar seinare, gjekk det som det gjekk, og når
tyskarar, engelskmenn, (eller amerikanarar) seier noko, høyrer Noreg på
med spisse øyro. Les ein norske aviser får ein inntrykk av at dette
forslaget er tysk og britisk. Det finst nokre forunderlege skylappar som
gjer at det er slik.

I Frankrike tykte ein at dei europeiske (tyske, belgiske og italienske)
logoane for biologiske varer ikkje var strenge nok, og innførte logoen
AB (agriculture biologique) som no er den strengaste i Europa. Her har
t.d. aldri bruk av kjøtbeinmjøl vore toleret i økologisk husdyrhald. Det
finst andre biologiske logoar med mindre strenge krav, Nature et
Progrès, Demeter (som vel også er kjend i Noreg) og Biofranc. Det er det
næraste ein kan koma sunt kosthald, men denne måten å drive landbruk på
er berre ein drope i havet, og dekkjer ikkje meir enn 1 prosent av det
totale dyrkingsarealet her til lands. Biologisk landbruk er elles liksom
alt landbruk utsett for visse "ukontrollerbare" miljøproblem, som
radioaktivitet, dioksin i lufta, nitrat i ferskvatn osb.

Det store fleirtalet må ta til takke med industrimat, utan å vera i
stand til å kontrollere opphavet og produksjonsmetodane. Det er dette
som er ille. Kor lang tid må det gå, og kor mange matskandalar må det
oppstå, før folk slår knytteneven i bordet? Er det mogleg å setja sin
lit til kontrollørar som ikkje er kontrollerte? Kan ein ha tillit til
eit system basert på pengar og profitt? Her til lands er talen tydeleg:
Salet av oksekjøt er redusert med 47-50 prosent den siste månaden. I
Spania med 20-30 prosent den siste veka berre. Salet av anna kjøt er
også kraftig redusert. Så får dei kalla det "psykose", eller kva dei
vil. Eg kallar det oppvakning.

Kjøtindistrien er i store "vanskar", men var det sjølvsagt ikkje medan
dei sende søppel ut på marknaden. No står skinheilage
produsentforeiningar og den dominerande bondeorganisasjonen (FNSEA) fram
og forlangar kompensasjon, og dei får det: 3,2 milliardar franc i første
omgang. Men det er ikkje nok, seier dei. Dei er vane med å bli høyrde.
Agroindustrien og kjøtlobbyane har styrt europeisk landbrukspolitikk i
mange år, og forderva livet til mange hundre tusen menneske, truleg
millionar (dette er berre starten på ein kolossal katastrofe). Som takk
skal me likevel betale gildet og alle arbeidsplassane som risikerer å gå
tapt. For storkapitalen stramar ikkje inn på livreima. Heller ikkje
storbøndene som stikk av med mesteparten av kompensasjonen. Det er nok
ein gong vanlege slitarar som skal li. Kor lenge skal folk la seg lure?
Kor lenge skal tålmodet vare?

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:28 MET