Re: EU-nytale: "Gjenutsettelse"

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Tue Nov 28 2000 - 10:59:47 MET


Trond Andresen a écrit :
>
> Se http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/d176843.htm
>
> Orwell ville ha nikket gjenkjennende. Sånt som dette,
> Garvik, er blant det som gjør at jeg ikke vil at Norge skal
> bli EU-medlem.

Ja, min gode mann, men me er vel fleire om å nikke gjenkjennande til
slikt. Eg er sjølvsagt samd i at dette ikkje er akseptabelt, men
samstundes forstår eg ikkje heilt at det skulle vera (nok) eit argument
mot EU. Studerer ein forvaltninga av havressursane, oppdagar ein at
problema er transnasjonale, og at Noreg slett ikkje er den første i
klassen. Når det gjeld raseringa av Nordsjøen, finst det fleire talande
artiklar her:
 
http://www.bellona.no/imaker?query=fisk&sub=0&list=2&method=findit.show

og her:

http://miljonytt.no/arkiv/annet/index0.htm#fisk

Ein kan også slå opp på denne:

http://www.greenpeace.se/templates/template_27.asp?template_39.asp?lang"&number=999&cat=118

Det finst haugevis av dokumentasjon på nettet om øydelegging av
fiskeslag og pattedyr i havet, inkl. villaks og kval. Desse spørsmåla må
løysast internasjonalt, og vår rolle må ikkje først og fremst vera å
favorisere nasjonale løysingar basert på lokale økonomiske interesser,
eller annan krimskrams knytt til "markedet".

Slike som oss kan sjølvsagt ikkje høyre på slikt, for det finst
kystbusetnad i alle land, og lokalsamfunn som er "avhengige" av fiske.
"Tradisjonar" blir ofte nytta til å forsvare nasjonalt ("innanlandsk")
fiske, men norsk, europeisk, amerikansk, japansk osb indistrifiske har
ingenting med det tradisjonelle fisket å gjera, og kan ikkje forsvarast.
I første omgang er det industrifisket som må bort. Held ein fram med å
oppretthalde ein stor og avansert flåte av "havstøvsugarar", går det
sjølvsagt dit høna sparkar. Då blir alle "avtalar" om regulering eit
slag i lufta, fine ord utan meining.

I årevis har havforskarar i verda kome med tilrådingar, men dei blir
framleis neglisjerte, også i Noreg. Det må alvorlege katastrofar til for
at noko skjer, og sjølv då skjer det ikkje slik ein skulle vente. Du
kjenner like godt som meg til alle døma på dette. Lista er lang.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:28 MET