Re: Kugalskap no også i Tyskland

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Sun Nov 26 2000 - 10:51:09 MET


Staldvik/Færøy a écrit :

> Neida, norske styresmakter messar ikkje slik Garvik hevdar.
> Tvert om er dei med på å undergrava den veterinære tryggleiken
> som Noreg tidlegare har kunne vore stolt av. Målet for regjeringa
> er no å få til same ordningar som i EU - altså svekking av regelverket.

Det er mogleg, eg berre siterte Mathisen. Poenget for meg er ikkje å dra
Noreg i gjørma, heller ikkje å forgylle EU. Eg er for mat og
mattryggleik for alle. Men avgrensar ein krava til det som gjeld "oss",
er eg ikkje med lenger. Eg vaks opp i Noreg, og blei innprenta med ideen
om at Noreg var paradis på jord. Etter mange reiser rundt om i verda har
eg fått det for meg at slike paradis knapt eksisterer. Det finst nokre
fortapte paradis her og der, heilt andre stader. For meg er det like
viktig, for ikkje å seia viktigare å støtte desse, enn å glo meg blind
på det som skjer nede i hagen, eller over på den andre sida av elva her
eg bur. Begge deler kan knytast saman, og må knytast saman. Ein må vera
meir solidariske skal det bli noka endring i verda. Ikkje berre mala si
eiga kvern, og oversjå dei som har rote mjøl, eller ikkje mjøl i det
heile teke.

Noreg er ein del av Europa, både geografisk, historisk og kulturelt. Det
finst ingenting som er reint norsk. Sjølv det "særnorske" har kome frå
Europa, og noko av det frå stader enda lenger borte. Kampen mot det
Europa finanskapitalen vil byggja, kan ikkje førast i isolasjon, for
finanskapitalen har ingen grenser, og Noreg er ein del av dette
imperiet. Skal venstreradikale menneske nytta tid og krefter på å
gjenreise det som var? Skal ein vera "stolt" av det ein ein gong kanskje
hadde?

Eg er slett ikkje for dereglementering, men eg er mot populistisk
klokkartru på einsidige nasjonale ordningar? Det er dette som for meg
er den raude kluten i den norske EU-debatten. Kampen mot liberalismen
til EU må førast i EU, for det er der politikken blir staka opp, i alle
fall i namnet. Dette gjeld også den utanomparlamentariske kampen.

Dei norske EU-motstandarane har alt tapt, og det med god hjelp frå ei
regjering som kalla seg "Nei-regjering". Det norske kvasimedlemsskapet
er klårt nok, men det haltar. Difor set regjeringa alt inn på å gå det
siste stykket så snart som råd. Det forandrar ikkje noko for kapitalen.
Byråkratane får nokre stillingar å fylle i Bruxelles. Men det forandrar
ikkje så mykje det heller. Dei norske og utanlandske finansfyrstane
styrer framleis samfunnsutviklinga. Løvebakken blir liggjande der om lag
i den same avmakta som i dag. Det er berre eit auditorium av klisjear og
luft likevel.

Når flaumar og epidemiar får skikkeleg tak, når havet stig og himmelen
bleiknar, går det vel opp for folk sjølv i dei "rike" landa at alt dette
berre var bortkasta tid - "demokratiet", "nasjonen", "framskrittet".
Eller kanskje set panikken inn? Kloringa. Alle sin kamp mot alle, med
dei små, dei vanlege i brodden, dei som alltid har vore sendt ut i
krigar som kanonføde, med ordre om å vera stolte av landet sitt, kongen
eller presidenten, og nasjonen.

Alt dette er variasjonar av eit gamalt tema. Kvifor skal ein vera stolt
av det ein "har"? Kvifor skal ein tru på det? Kvifor skal ein assosiere
seg med det?
   
 
> Eg er samd med Garvik i at det er industri- og intensivlandbruket som er
> grunnen til mykje av elendet. Og det er nett småskalaproduksjonen i Noreg,
> kombinert med importkontroll og omfattande veterinære kontrollordningar, som
> har gjort at vi til no har vore forskåna for munn- og klovsjuke, svinepest, kugalskap osb.

Kvifor skal ein måle nokre ting rosenraude? Kvifor skal ein mane fram
Soria Moria, når det ikkje eksisterer?

Småskalaproduksjonen i Noreg er køyvd av norske byråkratar og
regjeringar, nokre av dei "sosialistiske" og svært så folkelege. Det har
vore gjort smått om senn, og no er det snart berre minne att.
Gardbrukarar heng seg, anten fordi dei er nedsøkte i gjeld, eller fordi
dei er komne enda lenger, må gi opp og ikkje kan tenkje seg eit anna
liv.

Du manar fram eit bilete av vesle Noreg omgitt av ulvar som med stort
mot og mykje møye har klart å forsvare seg. Men det var
småskalaproduksjon i dei fleste europeiske landa også, og presset var
ikkje så stort som i dag. Dei andre var rett nok tidlegare ute med dei
nye tankane, men etter krigen var det om å gjera å brødfø alle.
Pengeveldet hadde ikkje fått det same fotfestet som no, og utviklinga
var nokolunde kontrollerbar. Det er helst dei siste 10-15 åra at alt er
kome ut av kontroll. No står ein der og har kjensla av at det er for
seint alt.

Eg minnest kyr som døydde av mystiske sjukdommar attende på 50- og
60-talet. Eg minnest tagale og alvorlege veterinærar med armen langt
inne i kuvomma. Dei riste på hovudet, og me spadde ned desse kyrne med
oppblåsne magar og skum om kjeften. Eg fekk aldri greie på kva sjukdomen
heitte. Det blei ikkje snakka om det. Skrapesau hadde det vore i alle
dei år, men det var ein slags lagnad, om lag som ørna og jerven.

Eit syskenbarn hadde sumarjobb ein gong på slutten av sekstitalet på ein
stad der dei koka dyreskrottar, sjølvdaue hestar og slikt. Han stod med
ein slags flensekniv på eit langt skaft og skar lika i bitar, dytta dei
ned i dampande hol i golvet. Det blei dyrefôr av det, og eg minnest eg
såg sekker med fabrikknamnet på. Me tenkte ikkje slik den gongen. Det
var ein del av framskrittet å kunna nytta alt på denne måten.
Syskenbarnet tok ikkje jobb der året etter, for det lukta så jæveleg at
same kor mange gonger han dusja og vaska seg, hang lukta fast i
vekesvis. Dansen på laurdagskvelden blei eit mareritt.

Denne vesle soga kom for meg då eg las om småskalaproduksjonen,
importkontrollen og dei omfattande veterinære kontrollordningane. Det
kan henda eg gjer ting vanskelege, at eg har ein krokute tankegang -
nokre vil kalla det fantasi, men eg er utruleg skeptisk til alle
solskinshistoriar same kor dei går føre seg. Dette har eg gitt uttrykk
for før, og det vel ikkje noko å krangle om.

Me får halda fast på det me er samde om: at industrilandbruket er ein
pest som øydelegg både folk og fe, og attåt raserer naturen. Det hadde
vore moro å få ein annan EU-debatt, enn det evindelege ordkløyveriet om
kven som er best og kva som er farlegast, Noreg eller Europa.

Ein må finna opp eit nytt land- og havbruk, og forpeste luft og vatn
mykje mindre enn ein gjer i dag. Men skal ein koma dit, må samfunnet
endrast. Det er berre det som kan skåne verda og redde menneska.

> Når det gjeld akvakultur og foredling der, innrømmer eg straks at eg
> ikkje har grunnlag for å uttala meg om kor sølrgjeleg stoda er der
> (ifølgje Garvik). Men; det er grunn til minna om at svekkinga av
> landbrukets stilling i EØS og WTO nettopp kjem pga av at norske
> styresmakter er så opptekne av å eksportera laks!
> Altså; lakseksport er viktigare enn småskala landbruk for regjeringa!

Nedbyggjinga av det tradisjonelle landbruket med små einingar, variert
drift og biologisk mangfald har mange årsaker. Marknadsøkonomien rår, og
i Noreg er det naturgitte forhold som gjer at norske landbruksvarer
ikkje kan konkurrere på marknaden med importerte varer frå land med
betre klima, støre areal, meir intensiv drift, og/eller billegare
arbeidskraft. Difor er det så viktig å sjå landbruksspørsmålet i eit
internasjonalt perspektiv. Difor er det så viktig å knytte seg til dei
andre som rundt om i verda slost for eit lokalt, berekraftig landbruk
med sjølvberging som prinsipp. Eksport av varer må ikkje foregå som i
dag, på bekostning av det lokale landbruket i importlandet, ved hjelp av
underprising.

Noreg dumpar laks og andre fiskeslag på den europeiske marknaden. Landa
lenger sør i Europa dumpar frukt og grønsaker, og meiner dei er skuls.
Dette fører til energisløsing med mykje unødig transport. Norske
lastebilar fraktar laks til Frankrike, og returnerer med frukt,
grønsaker og blomar. Det er dette som er problemet.

Folk er blitt vane med å eta alle slags landbruksprodukt til alle tider.
Det finst knapt årstider att i butikkane. Ein kan velje mellom
subtropiske og tropiske varer heile året. Det passar vel med klimaet
elles, og så let ein att augo, kjøper diesel og bensin til bilen, reiser
med fly og gassar seg som aldri før. Blir vilkåra vanskelegare er det
regjeringa som får skulda, og dei som vinn neste "val", er dei som talar
mest høglydt om betre vilkår, billegare drivstoff, billegare reiser,
billegare mat. Den store parantesen i det vesle som måtte finnast av
klårsyn og globalt medvit, heiter jul, for det er jo berre ein gong i
året, og "me fortener det vel". Det har vore slik til alle tider. Det er
tradisjon, liksom jakt, fiske, krigar, slavedrift. Det at det finst rike
og fattige, er også tradisjon. Kva skal ein seia?
 
> Enkle løysingar? Nei. Men held vi fast ved dagens kontrollrutinar
> og innfører importforbod vil vi liggja mange hestehovud framom
> kontinentet. Garvik må gjerne leva i si forestillingsverd om at EU
> er betre enn norsk kontroll... Eg vil ha eit meir handfast regelverk.

Om ikkje dei som vil endre samfunnet klarer å sjå lenger enn enkle
brødkrav, og manar fram nasjonale, proteksjonistiske tiltak som løysinga
på globale problem, er det ikkje mykje håp att. Det handlar ikkje om
kven som er best, og eg trur ikkje EU er betre enn Noreg. Eg sa berre at
om nordmennene kjem til å hamne i bakevja om dei ikkje vaknar frå
Tornerosesvevnen snart. I Europa er ein i ferd med å vakne, same om
EU-kommisjonen framleis er marknadsliberal. Det skjer ei
haldningsendring smått om senn. Ein ser at klimaendringa er eit faktum,
ein ser at den tøyleslause utnyttinga av naturen og tuklinga med dei
biologiske rammene for liv på jorda ikkje kan halda fram. Tendensen er
klår nok, sjølv om det er langt att.

Kor står ein i Noreg? I klimaforhandlingar stiller ein seg på linje med
USA og nokre andre som lograr for den amerikanske modellen. Ein er ein
av dei store forureinarane i det løynde. Ein held fram med kvalfangst,
utryddar villaksen og overfiskar i havet. Ein god del nordmenn bur seg
på å stemme på eit høgreekstremt parti, fordi dei er sjarmerte av dei
lettvinte løysingane, og ikkje blir opprørte av dei rotne ideane som
dette partiet er bygd på. Rasismen er ikkje noko problem. Me må då ha
rett til å styre som me vil hjå "oss". Er ikkje "utlendingane" nøgde,
kan dei berre dra heim att!

Dette er mentaliteten i det som var ein del av den "nordiske modellen".
Noreg er ingen modell lenger. Og talen frå dei norske talarstolane
høyrest meir og meir hol ut.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:26 MET