Re: Kugalskap no også i Tyskland

From: Staldvik/Færøy (ingesta@online.no)
Date: Sun Nov 26 2000 - 00:38:55 MET


Neida, norske styresmakter messar ikkje slik Garvik hevdar. Tvert om er dei med på å undergrava den veterinære tryggleiken som Noreg tidlegare har kunne vore stolt av. Målet for regjeringa er no å få til same ordningar som i EU - altså svekking av regelverket.

Eg er samd med Garvik i at det er industri- og intensivlandbruket som er grunnen til mykje av elendet. Og det er nett småskalaproduksjonen i Noreg, kombinert med importkontroll og omfattande veterinære kontrollordningar, som har gjort at vi til no har vore forskåna for munn- og klovsjuke, svinepest, kugalskap osb.

Den importen som har vore av livdyr til Noreg har vore initiert av storbønder på Austlandet som ønskjer industrijordbruk, og dei har til dels vore støtta av ulike regjeringar i dette. Eg har vore mellom dei som har kritisert dette sterkast - og det held eg fram med. Alt for mykje har vorte tillatt ved at leverandøren sjølv (og/eller hans "veterinærar") skal ha internkontroll god nok...

Når det gjeld akvakultur og foredling der, innrømmer eg straks at eg ikkje har grunnlag for å uttala meg om kor sølrgjeleg stoda er der (ifølgje Garvik). Men; det er grunn til minna om at svekkinga av landbrukets stilling i EØS og WTO nettopp kjem pga av at norske styresmakter er så opptekne av å eksportera laks! Altså; lakseksport er viktigare enn småskala landbruk for regjeringa!

Enkle løysingar? Nei. Men held vi fast ved dagens kontrollrutinar og innfører importforbod vil vi liggja mange hestehovud framom kontinentet. Garvik må gjerne leva i si forestillingsverd om at EU er betre enn norsk kontroll... Eg vil ha eit meir handfast regelverk.

Helsing frå Inge Staldvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:26 MET