Re: Kugalskap no også i Tyskland

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Sat Nov 25 2000 - 23:28:18 MET


Staldvik/Færøy a écrit :
 
> Je, det er opprørande at norske styresmakter opptrer som dei
> gjer i kugalskapssaka! Det enklaste og rette ville vore straks
> å innføra importforbod frå dei landa der det er påvist kugalskap
> (og for så vidt og svinepest, salmonella, virussjukdomar osb.).

Det var nett dette fleire land gjorde då Frankrike intensiverte
testinga og sjølvsagt oppdaga fleire tilfelle av denne sjukdommen enn
godt er. Men det blei fort slutt på hoveringa. Det blei innført forbod
mot bruk av animalsk dyrefôr for storfe i 1996 her i Frankrike, og no
nyleg også for fjørfe- og gris, rett nok etter litt fomling frå
regjeringa si side. Presset blei for stort, og så får det koste det det
koste vil. Makta tek ikkje sjansen på nok ei skandale som gjeld
folkehelsa (jf. blodbankskandalen for nokre år sidan, som førde til at
fleire hundre fekk AIDS).

Tyskland har i dag innført forbod mot bruk, import og eksport av
animalsk dyrefôr frå neste onsdag av. Tilsvarande tiltak vil nok også
bli sett i verk i andre EU-land. Det er berre byrjinga på ein omfattande
epidemi og skandale. Du står sjølvsagt fritt, Staldvik, til å tru at det
finst enkle løysingar, og at eit dekret om importforbod vil fjerne
problemet. Er du ein av dei som let seg lure til å tru at "me er mykje
betre enn dei", er eg redd du får oppleve ein blåmandag om ikkje så
lenge.

Det er ikkje først og framst importforbod som må til, men eit intensivt
testprogram. Noreg har importert livdyr i årevis, og har vel også nytta
noko av dette fôret. I dag oppdaga ein eit tilfelle i Finisterre
(Bretagne) på ei ku fødd i 1998, altså to år etter innføringa av
forbodet mot animalsk dyrefôr i mjølke- og kjøtproduksjonen (storfe).
Dette syner at smittekjeldene kan vera mange, og at smitten kanskje også
kan gå i arv. Det er såleis all grunn til å vera kritisk og på vakt.

Eg spurde tidlegare om lovverket i høve til fiskeoppdrett, men fekk
ikkje svar. Etter det eg kan sjå, finst det ikkje noko restriktivt
lovverk i høve til denne industrien. Det finst nokre sjølvpålagde
"reglar" blant medlemmer av visse oppdrettsorganisasjonar, men slike
"reglar" tek eg helst med ei klype salt.

Det er landbrukspolitikken som må leggjast om, saman med ein god del
anna som heng saman - energipolitikk, transportpolitikk osb. Det er den
intensive og industrielle utnyttinga av naturressursane som skaper
problema. Det det same om ein er på Jæren, Jylland, i
Schleswig-Holstein, i Flandern, Normandie, Galicia, på Azorane, eller på
pampasen i Argentina.
 
> Kvifor ikkje? Det er for det første viktig for dei EU-frelste
> styresmaktene å halda fram at kontrollen med levande dyr og matvarer
> er "like god i EU som i Noreg" - altså er veterinærstell og
> næringsmiddelkontroll ikkje nokon grunn til å "stå utanfor" ved neste
> korsveg... For det andre mistenkjer eg dei styrande for ikkje å vera
> så opptekne av framtida for norsk kjøtproduksjon - det er jo "så dyrt"
> for samfunnet å halda liv i alle bøndene...

Det kan hende at kontrollen med levande dyr og med mat blir betre i EU
enn i Noreg. I alle fall om norske styresmakter held fram med å messe at
"Norge er det sikreste landet i Europa når det gjelder mat". Rolla til
venstreradikale skulle vel vera å stille seg kritisk til slike utsegner,
ikkje å støtte opp om dei og gjera dei til argument.

> Det er ikkje lov å bruka slakteavfall i for til drøvtyggjarar her til
> lands - enno... Med EØS, utviklingsklausulen, konkurransereglane og ei
> regjering som vil ha "opne grenser mot Europa" kan denne regelen fort bli
> skipla...

Om du hadde fylgt litt betre med, hadde du ikkje kome med slik sprøyt.
og nok ein gong, kva med laksenæringa? Eg har sett "kjøken" som
produserer laksemat i norske fjordar, og det var slett inga appetitteleg
oppleving: halvfrosen konsumfisk, frosne blokker av blod og kjøt med
uvisst opphav, forskjellig mjøl og anna. Ei forderveleg lukt.

Ein må forkaste denne modellen. Ein må forkaste intensivlandbruket. Ein
må slost mot den øydeleggjinga av naturen som dette medfører, på
same måte som ein må slost mot andre utslag av liberalismen. Men ikkje
med nasjonale skylappar. Bryr ein seg ikkje med å sjå over landgrensene,
blir ein gåande i ring som ein heimføding i ein sjølvskapt himmel på
jorda. Men slike himlar finst ikkje lenger. Ein berre lurer seg sjølv.

Utnyttinga av ressursane må sjåast i eit internasjonalt perspektiv. Eg
stiller meg bak initiativa til organisasjonen Via Campesina
http://ns.sdnhon.org.hn/miembros/via/ og bak parola til den franske
Confédération Paysanne http://www.confederationpaysanne.fr/ - "Pour une
agriculture paysanne et durable dans un monde solidaire".

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:26 MET