Re: Kugalskap no også i Tyskland

From: Staldvik/Færøy (ingesta@online.no)
Date: Sat Nov 25 2000 - 21:07:15 MET


Je, det er opprørande at norske styresmakter opptrer som dei gjer i kugalskapssaka! Det enklaste og rette ville vore straks å innføra importforbod frå dei landa der det er påvist kugalskap (og for så vidt og svinepest, salmonella, virussjukdomar osb.).

Kvifor ikkje? Det er for det første viktig for dei EU-frelste styresmaktene å halda fram at kontrollen med levande dyr og matvarer er "like god i EU som i Noreg" - altså er veterinærstell og næringsmiddelkontroll ikkje nokon grunn til å "stå utanfor" ved neste korsveg... For det andre mistenkjer eg dei styrande for ikkje å vera så opptekne av framtida for norsk kjøtproduksjon - det er jo "så dyrt" for samfunnet å halda liv i alle bøndene...

Det er ikkje lov å bruka slakteavfall i for til drøvtyggjarar her til lands - enno... Med EØS, utviklingsklausulen, konkurransereglane og ei regjering som vil ha "opne grenser mot Europa" kan denne regelen fort bli skipla...

Helsing Inge Staldvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:25 MET