Re: tror ikke på klimaendringer

From: \\yvind Seland (oyvind.seland@geofysikk.uio.no)
Date: Wed Nov 22 2000 - 12:57:32 MET


Andre har alt kommentert at underskriftslista på Leipzigerklæringa
er litt spesiell. Eg tenkte berre eg skulle kommentere eit lite
fagpunkt.

>As the debate unfolds, it has become increasingly clear that contrary to
>the conventional wisdom -- there does not exist today a general
>scientific consensus about the importance of greenhouse warming from
>rising levels of
>carbon dioxide. In fact, most climate specialists now agree that
>actual observations from both weather satellites and balloon-borne
>radiosondes show no current warming whatsoever--in direct contradiction
>to computermodel results.
> (Hva er kildene til disse påstandene? Herom vites intet)

Kjeldene til påstanden om satelittdataene er frå NASA, og
er eit av dei viktigaste diskusjonspunkta i IPCC arbeidet.

Singer, som i dei fleste andre saker han er borte i,
prøver å dra usikkerheter ut i det ekstreme, i alle
fall i dei tilfella det lønner seg å gjere det.

Satelittdataene som det blir referert til er målingar av
temperaturen i 3-5 kilometers høgde over bakken, og er satt
saman av data frå fleire satelittar.

Dersom ein berre tok "rådatene" frå satelittane finn ein ein markert
nedgang i temperaturen. Dettte vakte oppsikt, og
adnre forskerar kontrollrekna resultata, og fant at
satelittfolka hadde gløymt å korrigere for drift i
satelittbanane, og fant ut at etter å ha korrigert
for dette fekk dei ein markert oppgang i temperaturen.
Dei som hadde ansvaret for satelittdatane kommenterte,
at jo, det hadde dei visst gløymt, og gjorde si eiga
utrekning som gav null endring i temperatur.
På grunnlag av det eg har nevnt ovanfor er såvidt eg veit den foreløpige
konklusjonen i IPCC at feilmarginen i desse målingane er så stor
at ein ikkje kan konkludere med noko frå dei.

Kvifor er så temperaturen i 3-5 kilometers høgde interessant?
Argumentet til Singer går på tiltru / ikkje tiltru til
klimamodellar. Dei tidlege versjonane (som Singer bruker å vise til) av
modellane gav ein kraftigare oppvarming i høgda enn ved bakken.
Nyare versjonar av klimamodellane gjev også oppvarming i høgda, men ikkje
så mykje som før.

Fleire forskerar lurer på om dette kan skuldast svakheter med skyer i
modellane, som "alle veit" at er ei av dei svakaste punkta
i modellane, men så lenge dei fleste meiner at
ein ikkje kan seie sikkert at målingane i høgda gjev ein
feil temperaturendring, er det vanskeleg å finne
svar på eit problem når ein ikkje er samde om kva problemet
er.

Øyvind Seland



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:24 MET