RE:_Rød-Larsen=2C_Furre_og_POT=2C_innvand

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Fri, 10 Jan 1997 08:36:34 +-100

Johan Irgens hadde eit langt innlegg om dette 28. desember 1996. Eg vil
her berre ta opp nokre av dei trådane han legg ut; mykje av det andre
er eg samd i. Dessverre kjem svaret mitt litt seint; det heng saman
med lang nyttårsferie utan e-post og nokre travle dagar etterpå.

>Som jeg har pekt på i tidligere innlegg, så tror jeg at alt mer eller
>mindre vil bli ved det gamle, ved å gå den vei som RV og SV ser ut til
>legge=A8seg opp til. Det å få se Mappa si er etter min mening bare en flopp
>- ja regelrett tull for de fleste av oss. Likeledes tror jeg at nedleggelse
>av POT er en illusjon.

Viss du med "flopp", "tull" og "illusjon" meiner "urealistiske krav",
så har du sikkert rett. Men: For eit år sidan ville det vere heilt
"urealistisk" å tru at det skulle bli såpass bra oppvask om dei gamle
syndene i POT. Ingen ville tenkje, langt mindre krevje, at ein
statsråd og to byråkratar skulle gå av. Viser ikkje dette at vi må
vere opne for å stille nokre "urealistiske", men fornuftige krav?

>Sikkerhetspoliti. Det er det de fleste land og
>regimer kaller en tilsvarende tjeneste som POT. Det er nemlig det som det
>er; et sikkerhetspoliti for den sittende regjering/styre. Man kan
>naturligvis like det eller ikke, men det bør vi også kalle det.

Det hjelper ikkje om vi kallar POT "sikkerheitspoliti". Snarare tvert
om, trur eg: ordet "sikkerheit" har betre klang enn "overvaking"
etter det som har hendt i det siste. Skal vi bruke eit meir negativt
uttrykk, foreslår eg heller "hemmeleg politi".

>Mitt ydmyke lille råd
>for å få noenlunde kontroll med nåværende POT måtte være at man
>oprettet et Innenriksdepartement, opprettholdt POT (fordi den altså kommer
>til å fortsette uansett) - og derved fikk man en egen minister,
>statssekretær, byråsjefer og hele hurven som skal ha styringen med disse
>hemmelige tjenestene, samlet i ETT EGET DEPARTEMENT.

KVEN skal ha kontroll: "Man"? Regjeringa? Stortinget? Schengen? Kva
departementet heiter og kva det ellers steller med, har lite å seie.
Dei ansvarlege passar uansett på å vite det dei ønskjer å vite, men
ikkje meir, så lenge dei får halde på med spelet sitt i fred.

>Det må vel være et paradoks for flere enn meg at FRP og C. I. Hagen er
>eneste gruppe utenfor AP-nomenklaturet som maner til såkalt besinnelse når
>statsråd Faremo og co måtte gå?! Hvem ønsker å skjule, hvem ønsker at
>sannhet, viten og at ansvar skal frem i lyset?

Det er nok mykje vi ikkje har fått vite enno. Faremo og Fosheim gjekk
overraskande brått, og begge tydelegvis med stor uvilje. Dragkampen
dei siste dagane om Fosheim og Surlien skal vitne for stortingskomiteen,
er interessant. Dei to har tidlegare forklåra seg ulikt om kva som kom
fram på eit møte der Faremo (eller var det Holt?) var til stades. Slik
sett står iallfall eit minister-ettermæle, og sannsynlegvis større ting,
på spel. Men kva vil og kan Fosheim fortelje, i den situasjonen ho er?

>Forlsag 1: Oppretthold POT. Vi trenger det for å fange ulike typer spioner
>som kan
> vise seg å være farlige for Staten Norge. Den ønsker vi vel å
>beholde som
> et selvstendig rike?! Avklar helt tydelig, med Stortinget som
>megafon, at POT
> ikke skal være noe tankepoliti for vanlig meningsutveksling.
>Legg POT inn
> under et nytt Innenriksdepartement, da blir ansvarsforholdene og de
> konstitusjonelle plikter klarere. Bidra til dette RV, SV og andre
>partier.
> Forby enhver samhandling mellom POT og ETHVERT parti. POT skal
>KUN være
> ansvarlig overfor Stortinget.

Alt dette høyrest greitt ut, men korleis kan vi vite at det vil
fungere slik? Eit politi som skal få gjort noko, må halde ein del
ting hemmeleg for mulege mistenkte, og dermed for oss alle. Skal dei
avsløre spionar, desto meir.

Eit kontrollutval (KU) har til no vore svaret. Regjeringa sitt KU fann
aldri noko å kritisere POT for. Lund-kommisjonen var oppnemnd av
Stortinget, og i den situasjonen vi hadde (og har), var dette ei mykje
betre ordning, det ser vi av resultatet. Men ser vi på tida før Lund,
ville det ikkje ha hatt noko å seie kven som oppnemnde KU. Stortinget
gjorde som regjeringa sa likevel, spesielt i slike saker. Også
regjeringa sitt KU hadde medlemmer frå fleire parti, og kunne slik
sett ha vore oppnemnt av Stortinget.

Eg har likevel ikkje noko betre forslag til institusjonelle ordningar.
Stortinget er trass alt eit steg nærare grasrota enn regjeringa, og bør
derfor ha hand om KU.

Men det er viktig å supplere med folkeleg kritikk og avsløringar av
overtramp. Ein god start ville vere å stoppe all forfølging av
hedmarkingen som greidde å bestille telefonavlytting pr. telefon. Det
må ikkje vere straff for å avsløre straffbare forhold!

Den normale statsskikken i Noreg er at regjeringa bestemmer og
Stortinget godkjenner. Slik har det med få unntak vore sidan krigen.
Sjølv mindretalsregjeringar har hatt autoritet nok til å få det som
dei ville. Under Brundtland hende det aldri at ein statsråd gjekk av
etter kritikk på Stortinget; avgangen kom i så fall lenge etterpå og
var kamuflert med andre grunngjevingar.

Det er fleire grunnar til at dette ikkje fungerer akkurat no. Det
starta nok med at maktapparatet til Ap tok til å bli avslørt, og
særleg samrøret med dei hemmelege tenestene. At dette også retta seg
mot dei "borgarlege", må ha gjeve dei normalt overvakingsvennlege
partia noko å tenkje på. Dermed fekk vi Lund-kommisjonen og eit
offisielt stempel på det som venstresida har trudd eller visst i
mange år.

Motoffensiven var så vidt i gang då regjeringsskiftet kom. Jagland kom
skeivt ut som statsminister p.g.a. Rød-Larsen-saka, og avsløringa av
Furre-saka må ha fått han til å vakle. Seinare har han teke på seg ein
tøffare tone, men har ikkje på langt nær fått den autoriteten som han
gjerne vil ha. Det er nok av politikarar som gjerne vil utnytte denne
veikskapen til å mjøle si eiga kake, særleg i eit valår. Derfor har
Stortinget markert seg unormalt mykje denne hausten og vinteren.

Kor lenge vil dette halde fram, og kor mange fleire lik vil ramle ut
av POT-skåpane? Kjem dei andre hemmelege tenestene i søkelyset? Vil
Petter Thomassen &co seie "hit, men ikkje lenger"? Kjem motoffensiven
i gang for alvor? Eller vil nye avsløringar få snøballen til å rulle
vidare? Dette blir spennande saker framover.

>Når det gjelder Rød-Larsen saken synes jeg at Staurset har et poeng når
>han nevner at saken vedr. R-Ls fiske-farse neppe hadde kommet opp uten at en
>ny regjering med Jagland i spissen hadde kommet. Jagland støttet som kjent
>Peres som tapte valget med knapp margin. Har tanken slått deg Lars, evt
>andre, at saken mot R-L kanskje ikke hadde kommet opp dersom han hadde
>fortsatt i jobben som FN-megler - men kun siden han ble Super-Statsråd.

Eg skreiv vel omtrent det i eit tidlegare innlegg. Det er interessant
at pressa heldt kjeft om denne saka i fleire år, og så plutseleg kasta
seg over R-L. Då dei først hadde fått han på kne, var han ikkje i stand
til å forsvare seg. Kor mange andre maktpersonar har journalistane noko
på som dei ikkje tør skrive?

> Man
>kan jo mene hva man vil om hans vel-lykkethet i den jobben.

Eg skreiv, litt unøyaktig, at Rød-Larsen ville ha halde fram som ein
slags vellykka fredsmeklar dersom han ikkje hadde vorte statsråd. Med
det meinte eg at media stort sett rekna meklinga hans som vellykka.
Lite tyder på at det blir nokon varig og rettferdig fred av det.

>Hvem har foret pressen i Norge med
>informasjon om egentlig ganske gammelt og kjent stoff? Hva var det som
>gjorde at TV2, Dagbladet og andre plutselig finner ut såkalt
>oppsiktsvekkende ting som journalist Eriksen ikke gjorde for 5-6 år siden!
>Jeg kan ikke se annet enn at staten Israel under sitt nåværende styre har
>søkt å ødelegge/diskredittere den avtalen som tross alt ble inngått
>mellom representanter for det jødiske og palestinske folket tidligere. På
>den måten kan Nethaniaou og Likud fortsette i det gamle fiende-sporet sitt.

Utan at eg har detaljkunnskapar om det, verkar denne teorien
usannsynleg. Dersom krefter i Israel ville øydelegge Oslo-avtalen med
å stille fredsmeklaren i eit dårleg lys, burde dei ha gjort det før,
og ikkje venta til han ikkje lenger var fredsmeklar. No er han jo i
gang att...

>Når det gjelder Schengen/SIS/Sirene-avtalen som Norge nå har sluttet seg
>til kan jeg ikke se annet enn at dette bare er en forlengelse og en
>forverrelse av de samarbeids- avtaler som har vært tidligere. Om mulig på
>en tilsynelatende mer demokratisk og åpen måte.

Det er dessverre mykje meir, særleg ettersom Schengen kan bli ein
del av 3. søyle i EU-traktaten. Sjå m.a. KK 9.1.97 og "Nei til EU
informerer". Noreg har skrive under avtalen med Schengen, men
Stortinget har ikkje godkjent han enno. Det er sikkert "urealistisk"
å stoppe denne godkjenninga, men vi må ikkje gje opp. Har DU samla
underskrifter på nei-oppropet?

Lars Staurset

P.S. Eit lite råd til fleire skribentar, frå ein plakat som finst
på mange statskontor (sitert etter minnet): "Har du mange ting på
hjartet, så sei ein i gongen."