Framvegar for KK?

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Mon, 30 Dec 1996 17:42:56 +0000

FRAMVEGAR FOR KK?

Takk til Braathen for to interessante innlegg om KK. Eg er samd i
framstillinga av "to liner for Klassekampen", sånn i grove trekk.

Ein har valet mellom å satsa på å overleva med støtte frå "Den
revolusjonære rørsla & Co." eller å overleva på same vilkår som mange
andre aviser: I vanleg tevling på marknaden. Problemet med den siste
løysinga er at revolusjonære aviser ikkje overlever "på vanlege
vilkår" (dårleg med annonser, til dømes), og i tillegg er det langt
frå sikkert at KK vil kunna overleva gjennom å meir eller mindre
slutta å vera revolusjonær. Tvert i mot, det er som revolusjonær avis
KK har sin nisje i Marknaden.

Eit avgjerande spørsmål når avisa skal velgja framveg blir: Finst Den
revolusjonære rørsla & Co., og er dette ein hest det er forsvarleg å
satsa eit avisprosjekt på det neste tiåret. Eg trur det. Eg trur vi
kjem til å sjå revitalisering, utvikling, framgang og kanhenda jamvel
reorganisering innafor Rørsla i tida frametter, og Klassekampen kan
spela ei viktig rolle i detta. KK er ei dagsavis, og kan vera til
veldig stor nytte i klassekampen, til dømes i streikesituasjonar.
Framgang for den revolusjonære ungdomen vil mellom anna tyda at ein
risikerer å stå her med ein god del studentar og andre som er viljuge
til å samla inn streikestøtte og selgja den revolusjonære dagsavisa på
arbeidsplassar, torg og universitet. Avisa og den antikapitalistiske
aktivismen kan altså gå hand i hand, men ein klår synergieffekt, ikkje
minst når ungdomen jamvel kan skriva frå lokale hendingar, gratis. KK
kan bli meir "uvanleg" og meir knytt til "det som foregår ute mellom
folk flest", og såleis STYRKA det som er kjernekompetansen og
kjerneproduktet i nisjeverksemda KK.

Men vil dette vera mogleg? Kjem KK til å ha eit stort oppslag med
"Storstreik i Bodø" på framsida, eller er det store biletet via til
"Detalj fra mongolsk brukskunst"? Kan aktivistar på venstresida stå på
gata og selgje Laurdags-KK med den nye bladbunaden (utan raud stripe)?
Nei, eg trur ikkje det.

"Jo, men det er ofte vanskeleg å skaffa bilete frå Storstreik i Bodø,
og vi er nøydd til å tenkja Avis, ikkje berre Politisk Prioritering.
Difor er det ikkje berre berre å krevja toppoppslag for Folk Flest. Vi
MÅ ha bilete i avisa, slik er det", er eit svar ein kan venta frå
leiinga i redaksjonen. Eg oppfattar slke argument som heilt legitime
og ofte riktige ("bilete frå Bodø" er berre eit illustrerande døme på
eit større problem). Slike Avis-omsyn legg heilt klårt band på kva ein
kan gjera, og vil ofte dra avisa i konvensjonell retning.

Men då blir spørsmålet: Er det slik at KK aktivt freistar å
organisera slik at ein kan motverka slike problem? Freistar ein
byggja opp nettverk av fotografar kring i landet som kan ta bilete
gratis, og infrastuktur som gjer at bileta kjem fram? Gjer ein slikt
når det gjeld skribentar, også på nyhende-sida? Viss Ja, i kor stor
grad gjer ein dette? Er heile redaksjoen innstilt på at KK er ei avis
som jobbar litt uvanleg og satsar på friviljuge folk som bidreg
"utanfrå", eller er haldninga at "dette er en profesjonell avis, ingen
lekegrind for enøyde aktivister"? Er det lett å bidra utanfrå i dag?
Avisa si virkemåte i høve ti desse spørsmåla kan bli ganske
avgjerande, for det handlar om korvidt Rørsla&Co. skal kunna framstå
som ein partner for organisasjonen og vise versa.

Nokre av spørsmåla ovanfor kan verka retoriske, som om eg freistar
seia at NEI, det er ikkje slik at KK gjer ein skit med slike ting i
dag. Slik er det ikkje. Det har vorte gjort ting, til dømes med ein
ungdommeleg "redaksjon" som skreiv/skriv frå Bergen. Men eg trur det
er (og ikkje minst blir) langt meir å henta på å utvikla slike
arbeidsmåtar. Men då må dei satsast på!

Men det er kanhenda ikkje så lett? Eg veit ikkje. Men eg trur det kan
bli problematisk å få den meir aktivistinnretta tenkjemåten til å
gjenomsyra medarbeidarane i stor nok grad. KK har til dømes ein
biletesjef (Jens Eirik Larsen) som seier:

"No har eg prøvd å prakka denna avisa på masse folk eg kjenner sidan
eg byrja jobba her. Og alle seier til meg: -Når skal dere kutte ut det
navnet??? Eg meiner - å heita _Klassekampen_ når du skal driva
dagsavis i 1996 er som å prøva å symja med ein møllestein kring
halsen."

Så det er ikkje sikkert at unge aktivistiske skribentar og fotografar
alltid vil føla seg like velkomne i møtet med redaksjonen. Kva gjer
ein i så fall med det?

Ei lita usemje med Braathen, trur eg: Eg synest ikkje det verkar
vidare lurt å gje sosialdemokratar (ja jøss; VENSTRE, men likevel!)
"agjørende eierrepresentasjon". Det går fint an å byggja alliansar med
folk "frå sosialdemokratiet", men eg ser INGEN grunn til at RV/AKP/RU
med venar skulle byrja stola så veldig på "miljøer kring SV" og
denslags. Slike miljø har en tendens til å hata oss. Kjipt det, men eg
trur ikkje ein løyser desse spørsmåla ved å gje reformistane ein haug
med aksjer.

Godt Nytt År, sjø!

Magnus Engen Marsdal