Med_Gro_ved_roret_hadde_vi_ikkje_fått_POT-oppgjeret

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Wed, 18 Dec 1996 09:07:22 +-100

Det er i alle fall teorien min. (Om han alt skulle ha stått på trykk i
ei avis, så får lesarane orsake meg; eg rekk stort sett ikkje å følgje
med i hovudstadspressa.)

1. Utan regjeringsskiftet hadde ikkje Terje Rød Larsen kome inn i
regjeringa, men halde fram som ein slags vellykka fredsmeklar.
Jappegrepa hans frå åttiåra hadde framleis vore ei sak for dei
spesielt interesserte. Som det no gjekk, hadde Jagland etter kort
tid ei mykje veikare stilling enn den "uangripelege" Brundtland.

2. Etter vanleg parlamentarisk reknemåte var ikkje Jagland nøydd til å
sparke nokon etter at Furre-saka vart rulla opp. Med støtte frå FrP
og eit samla Ap kunne han ha halde det gåande. Sannsynlegvis (eg har
ikkje detaljkunnskapar om dette) må det ha vore eit opprør i eigne
rekkjer som tvinga Jagland til å gjere noko. Parolen "Gro eller
kaos" ville ha samla troppane under det gamle regimet.

Interessant no blir det om Anne Holt greier å ri stormen av, trass i
dei svært gode spørsmåla som Folkvord og andre har stilt. Quigstad har
også ein del å svare på. Kvifor trekte han tilbake alle spørsmål til
Stasi-arkivet dersom det er sant at POT heldt på med å avsløre ei svært
stor spionsak, slik det vart sagt på TV i går?

Kvar blir det av dei som no går frå jobbane sine? Ekspedisjonssjef
Nesheim skal visst ta over leiinga av Schengen-forhandlingane (og det
må jo passe bra for ein person som ikkje informerer politikarane om
ting dei helst ikkje vil vite). Når vart den stillinga utlyst, og kva
var søknadsfristen? Får ho behalde lønn og tittel, og kor mange
ekspedisjonssjefar skal i så fall Justisdepartementet ha?

Borgarskapet i Noreg har fått ei regjering som så langt er mykje
veikare enn den forrige. Korleis kan venstresida dra fordel av dette,
også i lys av Schengen og EU-tilknytinga? Eg foreslår at vi diskuterer
det no framover, framfor å bruke alle krefter på kulturdebatten.

Lars Staurset