KK-innlegg 21.11.: Urban uforstand eller bevisst sentraliseringspolitikk.

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Sun, 24 Nov 1996 23:54:05 +0100 (MET)

Svein Lund
Pb.90
9520 Guovdageaidnu
tel/fax 78486877
e-post: sveilund@online.no

KK-innlegg 21.11.: Urban uforstand eller bevisst sentraliseringspolitikk.

Eg ber om å få dette inn som debattinnlegg, og om å få svar frå redaksjonen, frå Klassekampens styre og frå AKP. Innlegget vil bli sendt til andre aviser dersom det ikkje har kome på trykk med svar frå redaksjonen seinast laurdag 23.11.96.

Med helsing

Svein Lund

Innlegget kom på trykk torsdag 21.11.96, men redaksjonen har så langt ikkje svart. Dersom det er nokon journalistar som les dette, kan dei jo ringen Klassekampen og spørre korfor dei ikkje kommenterer verken distriktsoppropet eller dette.

Urban uforstand eller bevisst sentraliseringspolitikk?

Da ei rekke av Klassekampen sine lesarar rykka ut med eit opprop for å endre avisa sin kulturpolitikk, var ikkje kulturredaktøren sein om å svare. Han forsvarte avisa si kulturdekning fullt ut og kunne ikkje sjå nokon feil. Dette oppropet fikk i gang ein svær diskusjon i avisa sine spalter. For Klassekampen har ein kulturpolitikk. Den er rett nok borgarlig, men det er no ein kulturpolitikk.

Da ein del lesarar nokre veker seinare skreiv eit opprop om avisa si distriktsdekning blei vi derimot møtt av pinlig tausheit. Ikkje eit ord har kome frå redaksjonen, frå Klassekampen sitt styre eller frå den store aksjonæren AKP som ikkje lenger synast å ha noko meining om den avisa partiet framleis er hovudaksjonær i.

Klassekampen har ein kulturredaksjon, men ein har ingen distriktsredaksjon. Ein har heller ingen distriktspolitikk, dvs. ein har ein i teorien og ein heilt anna i praksis. Eg kan godt forstå at dette gjør det vanskelig å svare, ettersom dagens praksis ikkje lar seg forsvare ut i frå avisa sin føremålsparagraf. Bare som FrP-organ ville ein kunne gitt eit ideologisk forsvar for ein politikk med å overse størsteparten av landet totalt.
Men det er ikkje nok med at vi blir oversett når redaksjonen prioriterer sitt eige arbeid. Stoff frå distrikta blir no systematisk luka ut og hindra spalteplass.

For tre veker sidan arrangerte RV ein viktig distriktskonferanse i Tromsø om samerett, fiskeripolitikk og Barentsregionen. Ikkje nok med at Klassekampen ikkje prioriterte å sende nokon journalist dit. Klassekampen nekta å gi forhåndsomtale, nekta å trykke reportasje frå ein frilansjournalist som var på konferansen, tok ikkje inn verken pressemelding eller fråsegner frå konferansen. Denne viktige hendinga for Nord-Noreg måtte lesarane ikkje få vite om.

Eg hører stadig om gamle abonnentar her nordpå som seier at no har dei fått nok, no har avisa blitt så dårlig at dei ikkje vil abonnere lenger. Dette er ikkje folk som har rotna opp, men som i høgaste grad framleis er politisk oppegåande og aktive. Klassekampen er bare ikkje lenger den avisa dei treng.

Eg vil med dette be Klassekampens redaktør Paul Bjerke, styreleiar Aksel Nærstad og AKP-leiar Solveig Aamdal svare på disse spørsmåla:

1. Ser dokker Klassekampen si manglande dekning av disktrikts-Noreg som eit problem, eller bør avisa framleis vere sentrert om Oslo-gryta?

2. I tilfelle dokker innser problemet, ka bør ein i såfall gjøre med det?

Svein Lund
snart eks-abonnent?