Kva skal nei-sida gjere fram mot stortingsvalet? (no med korte linjer)

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Tue, 19 Nov 1996 10:56:05 +-100

Dessverre har eg kome i skade for å sende inn eit innlegg med "lange
linjer". Her kjem det omatt:

Går det an å sleppe til med noko anna enn kulturdebatt her??

Det er snart to år sidan folkerøystinga, og 30. november skal Nei
til EU ha landsmøte. Den viktigaste saka der blir truleg
strategien fram mot stortingsvalet neste år. Det er viktig å gjere
stortingsvalet til eit EU-val. Men kvifor er det viktig, og kva
kan vi oppnå med det?

Strategiutvalet i Møre og Romsdal Nei til EU la i haust fram eit
notat om strategien for valåret, som eg tidlegare har sendt til
KK-forum. Det inneheld mykje stoff om EU-tilpassinga og nesten-
innmeldinga som regjeringa no gjennomfører. Eg går ikkje nærare
inn på desse sakene her, men prøver i staden å formulere nokre
målsettingar for valkampen:

(1) Valkampen er ei tid med auka generell politisk interesse
(utruleg nok), og argumenta våre (liksom andre sine) slepp
lettare til enn ellers. Vi kan bruke denne tida til å spreie
opplysning om EU-tilpassinga m.m.
(2) Vi må ha minst X stortingsrepresentantar for å blokkere ei
snik-innmelding i EU.
(3) Nei-sida bør ha fleirtal på Stortinget, liksom i folket. Dette
fleirtalet må brukast til å gjennomføre ein annan politikk.

Målsetting (1) er vel grei nok, men åleine er ho for uklår og lite
eigna til å mobilisere.

Målsetting (2) må presiserast nærare. Kva er snik-innmelding? Er
det full innmelding i EU, eller skal vi rekne med saker av
Schengen-typen (som no blir kjørt gjennom med vanleg fleirtal)?
Kva med tilknyting til valutaunionen, som sikkert blir ei viktig
sak i neste stortingsperiode?

Eit 3/4 fleirtal på Stortinget kan melde Noreg inn i kva-som-helst
med å bruke pgf. 93 i Grunnlova. Eit 2/3 fleirtal kan melde oss inn
med å endre Grunnlova, men det ligg ikkje føre nokon forslag om
slike grunnlovsendringar denne gongen. (Fristen gjekk ut 1. oktober,
utan at nokon ansa særleg på det.)

Fremskrittspartiet har lagt fram eit grunnlovsforslag i fleire
variantar om at 1/3 av Stortinget kan krevje bindande folkerøysting
for å stoppe eit vedtak som Stortinget nyleg har gjort. Dersom
denne grunnlovsendringa blir vedteken, kan ei sterk nei-side
krevje folkerøysting f.eks. om valutaunionen. Ho kan ikkje brukast
til å gjere om gamle vedtak, f.eks. om EØS.

Om Carl I. Hagen-forslaget kan brukast av ja-sida til å overkjøre
eit stort mindretal på Stortinget, tviler eg på, for slik det er
formulert, er det til å stoppe forslag som alt er vedtekne. (Men
ja-sida finn på så mykje rart, så eg ser nesten ikkje bort frå noko.)

Nei-sida kan prøve å stoppe dette forslaget fordi vi ikkje trur
det tener oss. Då må vi ha minst 1/3 sikre motstandarar. Dette
er ei dårleg sak å mobilisere til val på, både fordi mange vil
meine at folkerøystingar generelt er bra, og fordi vi politisk
sett har tapt EU-kampen når vi taper ei folkerøysting, bindande
eller ikkje.

Alternativt kan vi støtte Hagen-forslaget og prøve å utnytte det.
Då må forslaget vedtakast av 2/3 fleirtal på Stortinget, dvs.
heile nei-sida og halve ja-sida dersom forholda blir omtrent som
no. I tillegg må eit krav om folkerøysting f.eks. om valutaunionen settast fram av 1/3 på Stortinget. Slik sett kan det altså bli eit
mål å få minst 1/3 nei-folk på Stortinget, men dette er nokså
spekulativt og høver lite til valmobilisering.

Spørsmålet som eg vil sende vidare til fagfolk og open diskusjon,
er om det finst andre krokvegar som ja-sida kan bruke i neste
stortingsperiode? Vi har sett før at ja-sida har funne omvegar
kring formalitetane. Er det i det heile noko poeng i å ha 1/3
nei-folk på Stortinget som ei målsetting denne gongen, eller skal
vi nøye oss med 1/4?

Sjølvsagt skal vi ha så mange som muleg, men det er lettare å
mobilisere for ei konkret (og oppnåeleg) målsetting.

Målsetting (3) er nokså konkret, men vanskeleg å nå. Kan nei-sida
få stortingsfleirtal? Vil vi i så fall greie å utnytte det? Kan
den organiserte nei-sida tvinge nei-partia til å dra saman, f.eks
med Sp, KrF og V i regjeringa og SV og RV som støtteparti? Kva med
"nei-folka" i Ap (dersom dei framleis finst etter valet)?

Dersom nei-sida ikkje greier å få fleirtal eller ikkje kan regjere
saman, kva blir då målet med EU-kampen vidare? Dei siste to åra
har vi greidd å lage bråk om nokre enkeltsaker, men regjeringa har
heile tida brukt makta si og halde fram på "stø kurs" mot Brussel.
Er det nokon grunn til å tru at dette vil endre seg under Jagland?

Vi treng ein diskusjon om desse sakene, både her i forumet og
ellers. Det er no i vinter vi legg grunnlaget for valkampen.

Lars Staurset