Usynleggjering: replikk til Jorunn Økland

Wenche Blomberg (wenche.blomberg@jus.uio.no)
Thu, 7 Nov 1996 15:45:44 +0100

X-Lines: 38
Status: RO
Content-Type: text/plain; charset="iso-8859-1"
Content-Length: 1713

synleggjering

Ei Jorunn Økland kunngjer i avisa KK 4/11 sin kjærleik til postmodernismen og
syter samstundes over usynleggjering av kvinner i kulturordskiftet. Men i det
private referatet sitt frå møtet 30/10 tek ho medvite det valet å gjere meg
heilt usynleg. Eg var faktisk til stades som innleiar, og eg hadde noko å
seie. Jorunn Økland derimot, holdt kjeft. Ho har da heller ikkje noko å
melde, anna enn ein dårleg skjult irritasjon over at premissa for
ordskiftet ligg bortafor det ho finn viktig her i verda.
Men innlegget hennar er elles eit godt døme på nett det eg har
kritisert, nemleg dårleg formidling. Vi får det attpåtil dels på engelsk.
Det er slikt eg kallar intellektuell latskap.
Om postmodernisme meiner Økland at det er "en kulturell tilstand som
krever nytenkning....Denne "farlig" åpne, kaotiske samtalen skaper også rom
for kvinner og andre undertrykte som kjønnsmarxistene hittil har elsket å
tale på vegne av". Økland treng å lære seg noko om basis og overbygning i
eit samfunn, det er nå ein ting. Noko anna som burde vere til å grunne over
i vår samanheng, er at nett ein "farlig åpen, kaotisk samtale" er å finne
på KK-Forum der heile ordskiftet starta. Det Økland leitar etter, finst
altså der.
Når det ikkje har vore så mange kvinner å sjå i feida om KKs
kultursider, kan det jo henge saman med at det er færre kvinner enn menn
som har tilgjenge til Internett og evt. høve til å bruke det. Dette gjer
deltakinga i KK-Forum skeiv, og er iallfall førebels ein veikskap ved det.
Men er dette "kjønnsmarxistane" (mannfolka?) si skuld? Det heng ikkje på
greip.

Wenche B