Ein_kommentar_og_to_spørsmål_til_Westermann

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 24 May 1999 09:11:33 +0200

1.
Jörg Westermann i Sørnorske høgfartsbanar hevdar at eg uttala meg på
sviktande grunnlag då eg skreiv at Westermann og/eller
Matheau a) argumenterte med at hurtigtoga først og fremst tener byane og b)
hevda at eit mål for dei er å skape meir trafikk. Det kan tenkjast, det
grunnlaget som i så fall
svikta, var referatet frå seminaret Sørnorske høgfartsbanar hadde i Asker i
fjor vår, http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/tgv/nett.jpg,
lagt inn på "A WWW Railway Page for Norway" og vist til av Trond Andresen i
hans første innlegg om dette. Der står akkurat dette som referat frå
innleiingar av Westermann og Matheau.
Viss referata er misvisande, bør Sørnorske høgfartsbanar/Westermann
sjølvsagt kontakte dei
som administrerer denne nettstaden og få det bytt ut med korrekte referat.
2.
Eg er samd med Westermann i at det vesentlege å vurdere ikkje er
Haukelidbanen isolert, men norsk samferdselspolitikk samla sett. For meg er
det
viktigaste i samferdselspolitikken framover å hindre veksten i person- og
godstransporten, særleg i den mest forureinsande person- og
godstransporten. Eg ønskjer å leggje forholda til rette slik at flyten av
menneske og varer kan reduserast i staden for at han aukar. Då har eg
likevel eit spørsmål om Haukelidbanen: Noko av grunnlaget er, skriv
Westermann, at flytrafikken vil auke med 49 prosent dei neste fem eller ti
åra. Kva om dette ikkje skjer, men at trafikken flatar ut eller minkar? Til
dømes fordi norske
styresmakter tek Kyoto-vedtaka på alvor også når det gjeld
transportsektoren. Gjer det at planane til Sørnorske
høgfartsbanar raknar?
3.
Hovudpoenget for Trond Andresen er at hurtigbanen eller -banane skal ta av
for
flytrafikk. Det er i tilfelle ei positiv utvikling. Men har det skjedd i
andre land med hurtigtog? Eg går ut frå at
når Sørnorske høgfartsbanar har arbeidd med dette i ti år, har dei samla
statistikk for vekst/endringar i flytrafikk i ulike land. Har altså land som
Frankrike og Tyskland og Japan, som har hatt hurtigtog lenge, hatt ein
nedgang eller ein vesentleg mindre vekst i innanlandsk flytrafikk desse åra
enn land utan hurtigtog? Og har dei i dag mindre flytrafikk enn andre land?

Føreåt takk for svar!

Beste helsing Olav Randen