Re:_Spennende_jernbaneprosjekt_fortjener_støtte

Olav Randen (boksmia@online.no)
Sun, 23 May 1999 11:23:22 +0200

Det er ikkje måte på korleis Trond Andresen tek på veg då eg tillét meg å
peike på at ein hurtigjernbane mellom Oslo og Bergen/Haugesund neppe er eit
særleg miljøvenleg prosjekt. Ein asketisk posisjon som gjer Natur og Ungdom
til noko nær Frp i jamføring og er å jamføre med borkebrød og sjølpisking.
Og Andresen spør med fem spørsmålsteikn etter om eg meiner innanriks
togreiser skal rasjonerast. Medan jernbaneprosjektet hans både kan
skape begeistring og realiserast. Ikkje kan eg ha lese Westermanns
artiklar heller.

Overfor slikt melder eg pass. Å få til ein konstruktiv dialog om framtidige
transportløysingar med folk på eit slikt grunnlag synest vere som å
diskutere Guds eksistens med pinsevener eller
energisparing med Jens Stoltenberg. Til slike forsøk er livet for kort. Så
eg nøyer
meg med å referere og kommentere litt frå artiklane frå Westermann, som eg
nok har lese og kanskje endåtil lese betre, eller iallfall annleis, enn det
Andresen har gjort når han hevdar at Westermanns poeng er å erstatte dagens
flytrafikk med tog.

I seminarreferat seier JW at høgfartsbanen vil "ta en del av flymarkedet og
SKAPE MANGE NYE REISENDE." Ein annan innleiar, Gerard Matheau, hevdar at
toga vil doble trafikken i løpet av 20 år. Det
er miljøvenleg, seier han, for vegar og luftrom kan ikkje tåle ein slik
auke.

For seminarinnleiarane var poenget at dei store byane tener på banane.
"Høyhastighetstog vil styrke byene og byutviklingen", sa Matheau utan å gå
inn på, iallfall ifølgje referatet, kva for område det eventuelt går ut over
at somme byar og utviklinga der blir styrkt. JW viste til røynsler både frå
Japan og Frankrike om at byområde med hurtigtog får snøgg
vekst og andre område stagnerer.

I innlegget til Aftenposten er også det at flytrafikken vil auke dramatisk i
åra som kjem, eit premiss for JW. Når banen er bygt, vil det vere 17.000
reisande kvar dag på sambanda sør for Sognefjorden, skriv han. Eg finn ikkje
talet no, men JWs tal viser at det er 3500 daglege flypassasjerar mellom
Oslo og Bergen og 3000 mellom Oslo og Stavanger. Om vi føyer til Kr. Sand og
Sandefjord og småflyplassane, kjem vi likevel til at han kalkulerer inn ein
gigantisk vekst i flytrafikken.

Det blir altså på mystisk vis skapt nye reisande, og hurtigtoga skal skape
endå fleire.

JW jamfører med Paris-Lyon, som før hurtigtogsbanen vart bygt ikkje hadde
meir trafikk enn flysambandet Oslo-Ålesund og no har 20 millionar
togreisande. JW går ikkje inn på kven eller kva som har skapt dei nye
reisande, og
eg kjenner ikkje franske forhold i detalj, men blant dei tinga som kan ha
endra seg, er kanskje
- at Paris-konsern har kjøpt opp Lyon-bedrifter og at personell reiser på
møte og konferansar,
- at Lyon-området har fått stadig fleire pendlarar til Paris,
- at det rike kulturtilbodet i Lyon er trappa ned fordi folk kan ta toget
til metropolen,
- at Lyons rikfolk dreg til Paris på handleturar,
- at studietilbod er tekne vekk fordi studentane kan ta toget,
- at byar og bygder mellom Lyon og Paris ikkje lenger har togkontakt, fordi
snøggtoga ikkje har tid til å stoppe.
etc etc.

Olav Randen