Heilage amerikanske liv?

Olav Randen (boksmia@online.no)
Wed, 19 May 1999 09:59:35 +0200

Jon Ivar Skullerud innvender mot eit tidlegare innlegg frå meg:

"USAs motstand (mot bakkestyrkar) synes å være basert ene og alene på
hensynet til
amerikanske soldaters liv. Det er tindrende klart at amerikansk
opinion gir blanke i om hundrevis eller tusenvis eller titusenvis av
utlendinger blir drept, men om en eneste amerikaner kommer hjem i
liksekk er det fullstendig utålelig. Knapt noen nasjon, selv ikke
Norge, er så umåtelig, grenseløst selvopptatt som USA. Og Clinton er
en av de fremste eksponenter for denne opinionen.

Jeg trodde det skulle være kjent for alle at denne holdningen, at man
på død og liv ikke skal risikere amerikanske soldaters liv, i stor
grad har opphav i erfaringene fra Vietnamkrigen. Olav Randen uttaler
seg som om amerikansk politikk fremdeles befinner seg i anno 1964.
Jeg er for ung til å huske noe av dette, men jeg trodde da også at det
var først og fremst synet av liksekkene som kom hjem fra Vietnam som
snudde den amerikanske opinionen -- ikke avsløring av overgrep og
slett ikke noen forståelse av Vietnams rett til selvbestemmelse?"

Visst meiner dei amerikanske soldatliv er mange gonger meir verdt enn andre
soldatliv. Men menige soldatar er slett ikkje heilage, ikkje for Clinton og
ikkje for Albright og ikkje for dei som står bakom dei. Ikkje i landet der
5.000 ungar og 10.000 vaksne blir drepne med skytevåpen årleg, og som
likevel ikkje vil ha restriksjonar mot skytevåpen og ikkje vil skrive under
FNs barnevernkonvensjon fordi konvensjonen inneber at dei må gå mot
dødsstraff mot barn. Menige soldatar er, endå meir enn annan underklasse,
forbruksvare.

Men amerikanske soldatlik byr på eit anna problem. Likkister og gråtande
foreldre og kjærestar og ektemakar høver så godt på TV. Og då kan det
påverke opinionen og føre til negative holdningar mot Clinton og Albright og
amerikansk krigføring på Balkan og i andre område.

Det var ikkje først og fremst amerikanske soldatlik som gjorde at USA trekte
seg ut or Indo-Kina. Det var fordi dei endeleg tok til å skjøne at dei ikkje
kunne vinne krigen. Hadde Johnson, Nixon og deira strategar trudd dei kunne
vinne, hadde dei truleg vore villige til å ofre både fem og ti gonger så
mange amerikanske soldatar. Og i stand til å tvinge krigsmotstanden
innanlands i senk.

Olav Randen