Re: Svar fra Kjell Arild Nilsen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 12 May 1999 14:58:43 GMT

Svar fra Kjell Arild Nilsen:

>...de som setter fram anklagene om at jeg ikke har dekning for det jeg sier,
>burde lese hele Dayton-avtalen før de svarer:
> Rognes har åpenbart ikke lest, eller tier om, "Agreement Between the
>Federal Republic of Yugoslavia and The North Atlantic treaty Organization
>(NATO) Concerning Transit Arrangement for Peace Plan Operation". Der heter
>det f.eks. i pkt 2: "The Government of The Federal Republic of Yugoslavia
>shall allow the free transit on land, rail, road, water or through air of
>all personell and cargo, equipment, goods and materiel of whatever kind,
>including ammunition required by NATO for the execution of the Operation,
>through the territory of the Federal Republic of Yugoslavia, including
>Federal Republic airspace and territorial waters."

Slike disposisjonar er heilt nødvendige (sjølvsagte) i internasjonale
fredsoperasjonar. Noreg har deltatt i FN-operasjonar sidan 1956 (Gaza). Eg
har sjølv deltatt i fredsbevarande FN-teneste. Utan utvida operative
fullmakter, og utan militær slagkraft, vil kvar og ein slik aksjon berre
vera symbolsk spillfekteri, dvs. ineffektiv. Dette har til dels vore eit
problem i samband med UNIFIL-styrkane i Sør-Libanon, og andre FN-operasjonar.

At representantar for "antikrigsrørsla" held fram med å sutre om kor
"urimeleg" det er å krevje utvida fullmakter, tyder på at dei eigentleg
ikkje vil ha noka internasjonal "innblanding". Den serbiske undertrykkjinga
av det albanske folket i Kosovo er eit "indre anliggende", og dei får ordne
opp i det sjølve. Dette er også synet til Milosevic-regimet...

"Alternativet til krig er å ikke gå til krig. Alternativet til å bombe er å
ikke bombe," som Steigan på fyndig vis uttrykkjer det. Han let som om det er
snakk om borgarkrig mellom miserable: "Det er når krybben blir tom at
hestene bites". Problemet er berre at medan den serbiske hesten bit og
sparkar, så spring den albanske vitskremd over fjellet. Tidlegare var det
andre hestar som fekk li. Dette må det bli ein slutt på. Hestar som den
serbiske, har alltid vore ubrukelege. Før i tida blei dei slakta. Det bør
vel vera likeins no til dags...

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> hebergement/emails/abonnement INTERNET !