Re: En annen versjon fra Kjell Arild Nilsen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 12 May 1999 13:14:54 GMT

Leiaren av Sør-Trøndelag AKP, Kjell Johansen, skriv:

>>>Tvilsom historieskriving
>....
>
>Artikkelen var interessant, sjøl om Knut Rognes påpeking om avtalenes
>forskjell jo tar mye av brodden av påstandene.

Det tar ikkje brodden av noko som helst! Kva er dette for slags sludder? Eg
har ikkje kommentert dette særleg tidlegare. I Frankrike har det vore eit
ikkje-spørsmål. Så godt som berre partiavisa til PCF, L'Humanité, har
freista å gjera eit nummer ut av dette. Rambouillet-avtalen var ein prosess,
ikkje eit endeleg avtaleutkast. Nokre av punkta i den militære delen av
avtalen blei som kjent publisert av Tageszeitung den 6. april (artikkel 6, 8
og 10 i "Annexe B"). L'Humanité Hebdo (vekebilaget) frå 30. april tek opp
dette i artikkelen: "Kosovo. Le document secret." Her freistar journalisten
å svare på eit av spørsmåla som blei stilt i samband med publiseringa til
Tageszeitung: Kvifor sa ikkje den serbiske delegasjonen noko om dette?
Beograd kunne ha nytta "Annexe B" som argument for ikkje å skrive under på
Rambouillet-avtalen, og slik få folk i Nato-landa til å stille kritiske
spørsmål til regjeringane. Moskva tok avstand frå dette annekset, men har
aldri lagt fram denne kritikken offentleg. L'Humanité forklarer denne
haldninga med det faktum at Milosevic alltid prinsippielt har nekta
utplassering av ein internasjonal styrke i Kosovo. Den serbiske (RFY-FRY)
delegasjonen var berre viljug til å diskutere den politiske delen av
Rambouillet-avtalen, og har fleire gonger proklamert at den militære delen
var "ikkje-eksisterande".

Rambouillet-avtalen, i den forma me kjenner han, tek omsyn til det faktum at
Milosevic IKKJE har moderert seg. Skulle Nato/EU (og for den saks skuld FN)
sitje å sjå på at Milosevic nok ein gong, i ro og mak, kunne bu seg på nye
"eventyr"? Ammunisjonen til "krigsmotstandarane" er i ferd med å bli våt.
Dei står klårare og klårare fram som støttespelarar til Milosevic-regimet.
Dei fleste har såpass taktisk innsikt at dei ikkje seier det rett fram. Dei
forstår at det ville vera "nådestøtet" til den "venstresida" dei klamrar seg
til. I staden kjem dei med all slags "folkerettsleg" og annan demagogi. Når
Steigan, eller andre frå AKP, NKP og likesinna, kjem trekkjande med
folkerett og FN, kling det så holt at det er best å ikkje kommentere det.
Pål Steigan grip til Rudyard Kipling (!) for å gi forvrengningane sine,
historiforfalskinga, dei billige poenga sine eit tidlaust skjær -
"Kosovo-debatten - den hvite manns byrde?". Forlagsredaktøren sit godt i
stolen og skodar utover verda. Han reiser ikkje lenger land og strand for å
riste handa til mordarar og krapyl i fordums sosialistiske fyrtårn. Nei,
dette er gløymt. Han vil ikkje snakke om slike ting, like lite som han vil
snakke om andre obskure sider ved fortida. Det blir for mykje "polemikk" og
for lite "politikk".

Kjell Johansen avsluttar innlegget sitt med eit lite...

>PS
>China, like Russia, has played a subordinate geopolitical role in
> relation to the United States throughout the 1990s.
...
> But with economic relations dissolving, neither country need suffer
> U.S. geopolitical arrogance any longer. Russia has nearly ruptured its
> relationship with the West... China is itself fed up with the
> United States and is eager to assert its geopolitical presence in
> Asia. Neither Russia nor China can resist the United States alone. But
> just as the trilateral relationship between Russia, China and the U.S.
> created an anti-Soviet alliance between China and the U.S. in 1972, so
> the deck gets reshuffled in 1999.

Lat oss vone at den nye "anti-imperialismen" får vind i segla! Med den
internasjonale "antikrigsrørsla" er ei ny sol i ferd med å reise seg på
himmelen. Eg ser fram til å høyre ein eller annan seia rett fram det som
fleire av dykk tenkjer... (eg ser sjølvsagt bort frå Lydersen).

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> hebergement/emails/abonnement INTERNET !