Re: Bildeforfalskninger (og anna)

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 7 May 1999 20:53:44 GMT

Karsten Johansen:

>Jeg vet ikke: er det så tynt at bildet "med all sannsynlighet" etter
>taz-journalistenes omhyggelige undersøkelser forestiller noe helt annet det
>påstås å forestille? Uttrykket "med all sannsynlighet" viser bare, at
>undersøkerne av denne sak, i motsetning til Garvik, ikke vil utgi seg som
>allvitende og sittende inne med den endelige sannhet. Garvik mener derimot
>at det ikke gjør noe med et par forfalskninger i den gode saks tjeneste.

Eg sa berre det var litt tynne saker. Eg veit ikkje kva slags bakgrunn
taz-journalistane har for å døma dette. Heile saka byrja forresten ved at
ein "observant" lesar tipsa dei. Eg har vel elles aldri utgitt meg for
allvitande, og går heller ikkje god for forfalskingar...kvifor skulle eg det?

>Jeg henviser ellers til Der Spiegel nr.18/3.5.99, hvor det på s. 25 står:
>"Opprørt holdt Scharping (tysk forsvarsminister) forgangne tirsdag en
>fotoserie med grusomt tilredte lik opp foran kameraene. Disse bildene skulle
>dokumentere, at Milosevitjs etniske rensinger allerede hadde funnet sted
>lenge før NATOs bombardementer begynte. ...

Den etniske reinsinga blei trappa opp frå 1998 av. Mange "uavhengige"
kjelder har slått fast dette (UNHCR, Médecins sans frontières, og også OSCE.

>Etter de for regjeringen foreliggende beretninger og undersøkelser foretatt
>av OSSE-inspektører, lot de stedfundne begivenhetene seg imidlertid ikke
>klarlegge uten tvil. Angivelig hadde soldater fra den kosovariske
>befrielseshær UCK skutt en serbisk politimann i Rugovo. I de derpå følgende
>kampe, som foregikk over flere dager, falt både UCK-soldater og sivilister.
>En grusom, men ikke usedvanlig begivenhetsutvikling i den daværende
>borgerkrig."

Dette er Der Spiegels hypotese, og det er heile tida med forbehold.
Sjølvsagt kan ein innta ei skeptisk haldning, men den er ikkje meir verd enn
den eg eller andre hevdar. Det er ikkje så enkelt som du prøver å få det til
her:

>Garvik går god for Scharpings "bevisførelsesmetoder", og hvorfor? Fordi han
>er overbevist om, at det Scharping prøver å "bevise" er sant. Men hvorfra vet
>Garvik at det er sant? Svaret er: fra "beviser" som Scharpings. I likhet med
>en rekke andre betjener Garvik seg av ringslutninger. Fordi "serberne" er
>onde, har de sikkert gjort alt som påstås og mer til. Skitt au, om vi ikke
>kan finne gode nok bevis. Og nå er det jo ikke i bare dette ene tilfellet at
>vi iakttar denne form for "bevisførsel" fra NATO. Den har forekommet gang på
>gang på gang, både i denne krigen og i Gulf-krigen.

Eg har jobba med "Military Information" i krig og er fullstendig klår over
kor vanskeleg "bevisførsel" og spørsmålet om kjelder kan vera. Eg har ikkje
gått god for Scharpings "metoder". Eg har ikkje nok kjennskap til saka. Eg
sa berre noko så banalt som at det finst lite og ingenting av biletmateriale
om hendingane i Kosovo, og at dette kanskje forklarer eventuelle "feil".

>Jeg påstår ikke, som Garvik prøver å insinuere, at dette skulle bevise, at
>serberne _ikke_ bedriver etnisk rensing.

Eg stilte berre eit spørsmål om kva du eigentleg meinte...

Når det gjeld presse og informasjon, tykkjer eg du er litt skjematisk. Ein
har i dag tilgang til eit så vidt utval av presse og annan informasjon
(sjølv eg som er fattig) at det går an å snakke om fri presse. Sjølvsagt er
ein del av pressa kontrollert, men då kjenner ein premissane og les det som
står der deretter. Eg er samd i at TV ikkje er noko å trakte etter; eg ser
elles veldig sjeldan på TV. I Frankrike har me den fransk/tyske kanalen Arte
som er brukbar, og elles nokre fine informasjonsmagasin på eit par av dei
statlege kanalane. Problemet er at når ein set seg ned slik, gjer ein ikkje
anna. Eg tykkjer radioen er ei grei kjelde til informasjon. Eg har alltid
ein radio og ei skriveblokk i trillebåra når eg jobbar i vinhagen...

>TV-nyheter er for totalitære idioter og analfabeter.

Du overdriv vel litt... ein skal ikkje forakte vanlege folk om ein sjølv er
priviligert. Det er klårt at ein kan bli fortvila og oppgitt over
"idiotiet", men så må ein prøva å gjera noko med det. Eg har ein stamkafe
her i gallarlandsbyen min, og diskusjonen får veggene til slå sprekker i ny
og ne. Ein må koma seg ut blant folk og diskutere, dele kunnskapen med
andre. Berre slik har det noka meining å instruere seg.

>Uttalelser fra serbisk opposisjon som foteller at serbiske overgrep finner
>sted er foreløpig noe av det mest pålitelige vi har.

Ein høyrer diverre svært lite frå det du kallar "serbisk opposisjon". Tida
vil nok gi oss svar på mykje av det me kranglar om i dag.

Eg har sagt det meste av det eg har å seia om denne krigen, og eg let difor
andre tala. Desse omsetjingane og sitata eg har sendt i det siste, er berre
røyster blant mange andre, men det er kanskje meir interessant enn å gjenta
dei same tinga heile tida. Krig er ikkje enkle saker, og eg har i nokre
veker freista å få fram dette.

Same korleis det er, vonar eg at utfallet av krigen blir eit sviande slag i
andletet til Milosevic og kumpanane hans, og store deler av det serbiske
folket som sidan dei ikkje har heva røysta mot barbariet, er kollektivt
medansvarlege i brotsverket. Eg vonar at Milosevic blir tvungen til å
trekkje seg attende, og at han og dei andre ansvarlege blir stilte for
retten og dømde som seg hør og bør. Eg vonar det serbiske folket tek eit
oppgjer med skuggane i den serbiske nasjonen, og klarer å koma seg ut av den
blindgata dei har rota seg inn i dei siste ti åra. Eg vonar denne krigen
blir ståande som eit eksempel, men eg er ikkje spåmann. Ingenting er
"predictable".

Eg har kritisert deg, Karsten, og andre for å vilja stille dykk over
tumultane, "analysere" ein konflikt de berre kjenner eit lite hårstrå av,
stille opp ein symmetri i brotsverk som ikkje kan samanliknast. Det endar
diverre opp i ei slags moralsk likeløyse, same om de bannar på at det
motsette er tilfelle. Eg har blitt forundra over denne kynismen og dette
hovmodet, og eg har forstått at det finst skiljelinjer eg ikkje visste om
før. For meg er dette den viktigaste lærdomen av denne krigen.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone