Kort om UCK

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 5 May 1999 14:08:26 GMT

Opphavet til den panalbanske rørsla i Kosovo ligg i delinga av Albania etter
2. verdskrigen. Etter at regionen blei annektert av Jugoslavia i 1945, heldt
den albanske motstanden fram like til 1947. Hæren til Tito klarte å
øydeleggje 55 motstandsgrupper og eliminere over 3000 personar. Men
underjordiske grupper oppstod heile tida. Den første panalbanske
organisasjonen var "Den Revolusjonære Rørsla for Albansk Union", oppretta i
1963 under leiing av Adem Demaçi. I 1964 blei denne rørsla likvidert, og
bortimot 500 albanarar, deriblant Adem Demaçi enda i fengsel. På 70-talet
opna det seg ei ny fase, med nye smågrupper. Ei av desse var "Rørsla for ein
Albansk Republikk i Jugoslavia", leia av Isuf Gërvalla. Avisa deira,
Lajmëtari i Lirisë (Fridomsposten), hadde som motto: "For union med det
sosialistiske Albania". Sidan var det den Raude Folkefronten til Ibrahim
Kelmendin, det marxist-leninistiske kommunistpartiet til Hydajet Hyseni...

For alle desse gruppene blei det nasjonale spørsmålet løyst i unionen med
Albania. Dei var i fremste rekkje i demonstrasjonane i Pristina i 1981 (eg
var i Jugoslavia på den tida, og minnest godt at det blei innført skjerpa
militær beredskap, fleire stader under dekkje av "militærøvingar".) For å
koordinere aksjonen til dei forskjellige gruppene, var det uunngåeleg med
ein felles front, og tidleg på året i 1982 oppstod "Rørsla for den
Sosialistiske Albanske Republikken i Jugoslavia" (LRSSHJ), omdøypt i 1984
til "Folkerørsla for Republikken Kosovo" (LPRK).

Det var på denne tida det oppstod ein geopolitisk debatt i LPRK. Kor gjekk
grensene for Kosovo? Dei mest moderate nøydde seg med dei administrative
grensene som var bestemt i Beograd; ekstremistane ville inkludere dei andre
tilgrensande albanske områda. Dette blei opphavet til eit brot. Den mest
moderate fløyen slo seg på slutten av 1990 saman med Den Demokratiske Ligaen
i Kosovo, under leiing av Ibrahim Rugova. Den harde fløyen i LPRK heldt fram
det underjordiske arbeidet. Etter at Milosevic oppheva sjølvstendet til
Kosovo i 1989, lanserte tilhengjarane til Rugova og deira allierte
Kaçanik-konstitusjonen, grunnlaget for den (sjølvproklamerte) Republikken
Kosovo, oppretta på grunnlag av grensene til den jugoslaviske administrasjonen.

LPRK godtok ikkje denne avgrensa versjonen av Kosovo, og endra namn til
"Folkerørsla for Kosovo" (LPK), og fjerna altså ordet "Republikk" for å
protestere mot republikken til Rugova. I 1992 blir LPK nettopp ein av
partane ved opprettinga av Frigjeringshæren for Kosovo (UCK).

UCK gav seg til kjenne med nokre attentat mot serbiske politifolk og
albanske kollaboratørar. I 1996 blei UCK enda meir lagt merke til ved å gå
til åtak på serbiske flyktningar frå Krajina (sende til Kosovo av
Milosevic). Etter den serbiske massakren i Prekaz og Likoshan i
Drenica-regionen i mars 1998, blei UCK ein viktig part i konflikten. Det
endelege målet til UCK er gjennomføringa av det geopolitiske prosjektet til
LPK: Opprettinga av eit uavhengig Kosovo med grenser som er litt vidare enn
dei som blei fastsette av Tito.

[Kjelde: Siste nummer av det italienske kvartalstidsskriftet for
geopolitikk, Limes (Kosovo - Il triangolo dei balcani)].

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone