Norsk presse og debatt

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 3 May 1999 09:17:05 GMT

>Jon Michelet i leiarartikkel 29.04.1999, "Pressedebatt om krigen":

>Han (Dag Kullerud) stiller viktige spørsmål om pressas problemer og
>dilemmaer under Jugoslavia-krigen: «Var det tilfeldig at Nato ble grepet i
>løgn og noen dager seinere bombet en serbisk tv-stasjon? Hvordan ser vi på
>at mediene blir bombet? Styrkes ytringsfriheten ved at de som formidler
>kneblet informasjon blir bombet? Hva om opposisjonen i Serbia virkelig
>kommer til makten en dag og trenger hver eneste sendermast?»

Her trur eg redaktøren (og Kullerud) gjer nokre logiske krumspring som ikkje
heilt held mål. Det går vel an å snu på flisa. Ville det å ikkje bombe ha
styrka ytringsfridomen? Skulle ein la vera å gripe inn mot Milosevic-regimet
fordi opposisjonen (kva for opposisjon?) kanskje kjem til makta ein dag? Eg
tykkjer desse argumenta er litt tynne.

>Disse spørsmålene bør sette sitt preg på diskusjonene i Bergen når mediefolk
>møtes formelt og uformelt. Ikke minst bør journalister i NRK og TV2 gripe
>ordet og tale om hvordan de reagerer på at deres serbiske kolleger i
>Beograd og Novi Sad fortsatt bombes hver natt.

Kva med kneblinga av den uavhengige pressa? Kva med mord og forfølgjing av
journalistar? Kva med øydeleggjinga av kosovoalbanske aviser (t.d. Koha
Ditore)? Er ikkje dette viktigare spørsmål å ta opp i ei slik forsamling,
enn bombinga av infrastrukturen for tv- og radiosending til eit regime ein
fører krig mot? Det er vel elles ikkje journalistar som blir bomba.
Denne framstillinga er ikkje nøktern. Kvifor skal Klassekampen vera motstykket
til VG i denne saka? Kvifor ikkje prøve å søkje andre modellar? Kvifor ikkje
strebe etter ein annan standard, bli ei avis som står fram som noko heilt
anna, noko unikt i den elles katastrofale norske presse- og mediaverda?
Kvifor ikkje byrja med å stå fram som ei...

>fri og uavhengig presse som bringer nøktern informasjon og analyse som gjør
>folk i stand til å ta stilling til krigen, og eventuelt tale makthaverne
>midt imot?

Det er diverre ikkje dette som skjer. Klassekampen kastar seg med alle
middel inn i eit gromsut grenseland der agitasjonen tar overhand. Det er
synd fordi avisa misser poeng på denne måten. Og den norske pressa forblir
utan lyspunkt, like grotesk og dårleg som ho har vore i årevis. Eg har lese
Dag og Tid med jamne mellomrom sidan avisa kom ut tidleg på sekstitalet. No
tykkjer eg sjølv denne avisa haltar. Eg les ikkje andre norske aviser
lenger, eg høyrer heller ikkje på NRK. Ikkje fordi dei er norske, slett
ikkje fordi dei ikkje speglar av mitt eige syn. Nei, kort og godt fordi
norsk presse og kringkasting er noko så grenselaust elendig. Det finst knapt
nok oppegåande journalistar att. Slike som har bein i nasen, er store i
hjartet og i kjeften, og som ser "annleis" på verda. Det skal helst vera
platt og ukontroversielt i den norske andedammen, anten det er til venstre,
i sentrum, eller til høgre. Det skal fylgje linjene til regjeringa,
statskyrkja, kongehuset, partia, interessseorganisasjonane, folkemeininga,
same kor ille det er. Ein byrjar å lure på kven som eigentleg starta med
dette, for dei har klart å dekkje spora og slik verkar alt heilt "normalt".

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone