Re:_Godag_mann=2C_økseskaft

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 29 Apr 1999 13:27:21 GMT

Arne Eriksen prøver liksom Knut Rognes å vri ein rein metadebatt til ein
diskusjon om "prinsippielle problem", altså ein diskusjon om diskusjonen om
krigen (?).

1) Når det gjeld Zinn skreiv eg 5/4 (det var snakk om etnisk rensing):

>Han har berre ei snau linje om dette. Howard Zinn høyrer truleg til eit folk
>som også var utsett for "atrocities". Likevel brukar han berre åtte ord, for
>å så å gli over i dei same dogma som propagandamaskina mot intervensjonen i
>Kosovo no i over ei veke har malt om att og om att...

Eg uttrykkte altså forundring over at Zinn hoppa så lett over
hovudspørsmålet i høve til krigen i Kosovo, den etniske reinsinga og
folkemordet. (Eg finn det framleis underleg at ein som har jødisk opphav tek
så lett på dette.)

Dette klarte Rognes å vri til på denne måten:

>2. Kan du forklare nærmere hvorfor det at 'Howard Zinn høyrer truleg til
>eit folk som også var utsett for "atrocities" ' skulle diskvalifisere hans
>meninger?

Altså vrei han på det eg sa, og sto fram som demagog. Han greip fatt i
"jøde" og freista å henge meg ut som "antisemitt". Dette er eit gamalt knep,
men det held ikkje mål i dette tilfellet.

2) Når det gjeld den serbiske sjukehusdirektøren i Pristina, skreiv eg i går:

>Watson er sjølvsagt ikkje den einaste vestlege journalisten som er att i
>Kosovo... Elles gløymer du å fortelje at ein vestleg journalist i Pristina
>er "under kontroll". Det blir ei heilt nødvendig premiss i krigsreportasje.
>Særleg når vedkommande intervjuar ein serbisk kirurg og direktør for det
>viktigaste sjukehuset i byen.

At Rognes og Eriksen freistar å koke spikersuppe på dette blir deira
problem. Dei kan halda fram med diskusjonen om dei vil, meg interesserer det
ikkje. Slett ikkje fordi "Garvik får problemer", som Eriksen så traust
uttrykkjer seg, men fordi det berre er ein manøver for å dekkje over spora
av desinformasjon og propaganda. Eg kan gjerne diskutere sak, om ein berre
held seg til det som er skrive, og ikkje kjem med alle slags tolkingar.

>Spørsmålet gjelder ikke hvorvidt OG trekker i tvil KRs dokumentasjon og
>sitater, men grunnlaget for denne tvilen. Hvorfor er Knut Rognes sin
>dokumentasjon og sitater tvilsomme? Når Oddmund Garvik antyder at en kilde
>er jøde, og åpent skriver at kirurger og leger er upålitelige kilder fordi
>de er serbere, så er dette interessant.

Dette er tynne saker, Eriksen. Rognes sin dokumentasjon er tvilsam fordi
denne blir lagt fram som "uavhengig", medan den i realiteten er ein del av
propagandakrigen. Sjukehusdirektøren i Pristina er ikkje ei uavhengig
kjelde, ikkje fordi han er serbar, men fordi han har ein viktig
administrativ stilling i ein stat som fører krig og driv med folkemord.
Dette burde vera elementært. Når sjukehusdirektør Grbic i Pristina seier:

>Grbic, who saved the lives of two ethnic Albanian boys wounded when
>other boys played with a cluster bomb they found Saturday, said he has
>never done so many amputations as he has since victims of the weapon
>started coming in.

har eg vanskeleg for å tru på dette, liksom eg har vanskeleg for å tru at:

>canister found about 30 yards from where it exploded Saturday. The blast
>killed five ethnic Albanian children, ages 3 to 15, in the village of
>Doganovic, about 30 miles south of Pristina.
>The boys found the small canister in a field while herding cattle.

Albanske ungar gjætar buskapen sin (?) ved Doganovic fem mil sør for
Pristina, nær den makedonske grensa. Eg har korkje høyrt om, eller sett
slike scener i det siste. Det er livredde albanske flyktningar ein ser, i
titusenvis. Dei flyktar frå serbiske soldatar og spesialstyrkar. Dette veit
me jo. Ein kan sjølvsagt trekkje det i tvil. Ein kan sjølvsagt
seia at det nok ein gong er på grunn av USA-imperialismen. "Dei flyktar for
Nato-bombene, klusterbombene", osb. Eg veit at mange av dykk har vanskar når
retten skiftar leir. Konversjonen blir vanskeleg for gamle neuronar som har
sine vanar.

>Hvordan ville Oddmund Garvik
>reagere hvis man trakk i tvil hans kilders integritet, franske
>radiojournalister og andre, med henvisning til at de av nasjonalitet
>sannsynligvis er NATO-vennlige?

Eg ville ikkje reagere sentimentalt eller usakleg. Eg ville kanskje
argumentere. Eg har vore heilt klar i høve til denne krigen frå første dag av.
Eg har også vore heilt klar i høve til kjeldene mine. Om nokre av dykk trekk
dei i tvil, gjer eg ikkje noko nummer av det. Eg trur ikkje på uavhengige
kjelder, eller uavhengig argumentasjon, og har vanskeleg for å sitje roleg
når propaganda og desinformasjon på subtilt vis blir lagt fram som
"informasjon", enda verre "uavhengig" informasjon.

11/4 vidaresende Knut Rognes ein artikkel frå ei anna av dei autoritative
kjeldene sine, denne gongen ein professor frå Tel Aviv, som 8/4 skreiv:

>In fact, there is nothing further from the US and NATO than humanitarian
>motives. Long before the attack it could be obvious that Milosevic will
>respond with a massive ethnic cleansing, just as Israel would have done,
>had the US and NATO decided to bomb Jerusalem following, say, a request
>by the Islamic Jihad. (Official warnings about this scenario were issued
>by the head of the CIA, and others in Europe.) If concern about the
>hundreds of thousands of Albanian refugees was the motive for this war,
>one could expect US-NATO to accept with cheers Yugoslavia's proposal for
>a cease fire. Though distorted in the reports of the following days, the
>proposal as broadcasted on April 6, was to withdraw Yugoslav forces from
>Kosovo, to allow the refugees to return and to resume negotiations with
>the Albanian Leader Ibrahim Rugova. It was at least possible to give
>Milosevic a week or two, to check his intentions, while the US-NATO
>forces around him stay to make sure he is not playing tricks.

Alt før den 6/4 visste me her i landet at Rugova sat i serbisk husarrest i
Pristina. Me visste altså at tv-intervjuet ikkje var verd noko som helst.
Det var berre nok ein manipulasjon frå Milosevic-regimet si side. Likevel
presterer Rognes å sende denne artikkelen som "god fisk" til KK-forum den
11/4. Eg sa ingenting. Eg har ikkje tid til å kommentere alt... det formeleg
vrimlar av lause påstandar og desinformasjon. Men slik er den psykologiske
krigen.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone