Re: "as if the war will somehow take care of itself"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 28 Apr 1999 15:25:05 GMT

Karsten Johansen:

>.............. Hvorfor ingen commando-raids mot de etniske renserne? (At
>slikt er mulig, viser jo redningen uten tap av den nedstyrtede amerikanske
>piloten langt inne i Serbia i begynnelsen av krigen). Hvorfor ventet man med
>å slå til, til hele Milosevitjs operasjon var ferdig planlagt og som man
>påstår allerede godt i gang?

Det er ikkje så enkelt i terrenget. Den amerikanske flygaren hadde
sambandsutstyr som oppgav nøyaktig posisjon. Dei serbiske terrorstyrkane
("etniske renserne") er 50 000 mann som gøymer seg overalt i Kosovo. Ein
aksjon mot desse vil ta tid, kreve mannskap og koste liv. Det er dette som
er problemet. Ingen vil dø for Kosovo, bortsett frå kosovarane sjølve, UCK...

>Men tilbake til det avgjørende spørsmålet: Styrer noen krigen? Her må en ta
>i betraktning, at det er tale om en konflikt, hvor sterke religiøse og
>nasjonale forestillinger er avgjørende for, hvordan store grupper blant de
>krigende agerer:

Her er du vel ein tanke teoretisk... når det gjeld krigen i Kosovo gjer
styrkeforholdet mellom den serbiske makta og den kosovoalbanske motstanden
det merkeleg å snakke på denne måten. Når det gjeld krigen mellom Nato og
det serbiske regimet, ser eg ikkje at det finst særleg "sterke religiøse og
nasjonale forestillinger" innblanda, bortsett frå på den serbiske sida.
Allusjonane til krossferdene blir hengande i lause lufta.

Etter fleire avsnitt der du stiller deg over tumultane på linje med ein
Pontius Pilatus, seier du vidare:

>Det er alt dette jeg her har forsøkt å beskrive som antyder at vi nå trues
>av noe ingen styrer, og som med rette bør kunne kalles "The Armageddon
>Scenario" (et uttrykk som ellers brukes i dagens Telegraph om fullskala
>NATO-invasjon i Serbia). Jeg forskrekkes over selvsikkerheten hos de, som så
>lett som våre hjemlige søvngjenger-politikere og utallige andre kommer fram
>til hva som er det eneste rette i denne sak. "Hva NATO gjør, er alltid det
>rette" er deres motto, og man merker uavlatelig holdningen at vi som drister
>oss til å mene noe annet nok er skjulte agenter for Milosevtij osv. Arven
>fra Håkon Lie som voktes av VG osv. En holdning som viser, hva alle fraser
>om "gjensidig forståelse" ofte betyr i praksis. De betyr gjerne det samme,
>som en hjemvendende tysk student i Frankrike fikk erfare på den tyske
>banegården i august 1914: Han holdt på å bli lynsjet og forsto ikke hvorfor,
>inntil han kom i tanke om, at han hadde glemt å ta av seg sin franske lue.

Eg høyrer ikkje til norske "søvngjenger-politikere og utallige andre", og
trur ikkje på "det eneste rette", korkje når det gjeld krigen i Jugoslavia,
eller når det gjeld andre ting. Eg har berre vanskeleg for å stille meg over
hendingane som om eg var eit slags historisk vitne. I den tilspissa
situasjonen som alle krigar er, blir dette heilt umogleg. Ein kan sjølvsagt
vera pasifist og ta avstand frå krigen i seg sjølv og i alle samanhengar. Eg
er usamd i dette standpunktet, men respekterer det. Ein kan vera mot krigen
av personlege grunnar, og desertere. Då bør ein helst koma seg vekk og ikkje
snakke for mykje. Vil ein både vera "pasifist" og "desertør", dvs. tala
varmt for "fredelege løysingar", "betingelsesløs bombestopp", og samstundes
ha meiningar om krigen, mot krigen, mot den eine parten, blir det annleis.
Som eg har sagt før, må ein aldri gløyme implikasjonane og konsekvensane av
dei standpunkta ein forfektar. Dette seier eg sjølv om eg politisk står svært
langt frå det Håkon Lie representerte, og for den saks skuld VG (som eg ikkje
les).

Nokre har trukke fram krigen i Vietnam. Eg stod på same sida den gongen som eg
gjer i dag. Eg støtta kampen til FNL mot den amerikanske aggresjonen. Eg var
ikkje mot den sovjetiske og kinesiske assistansen, sjølv om eg var årvaken for
farane som låg i dette, hegemonitendensar osb. I dag støttar eg det vesle som
finst av motstand i Kosovo. UCK er den einaste motstandsrørsla mot ein
overmektig serbisk aggresjon. I dag er det vestmaktene som på litt vaklande
vis assisterer ei motstandsrørsle. Sjølvsagt er eg klår over at vestmaktene
har imperialistiske interesser på Balkan, liksom Sovjetunionen og Kina hadde
det i Indokina. Skulle eg av den grunnen ha sagt nei til FNL? Skal eg av same
grunn seia nei til UCK?

Ingen her på forumet er viljuge til å "overlate vår skjebne til 'the
norwegian NATO-sleepwalkers'". Det er ikkje det det handlar om.

Oddmund Garvik

_____________________________________________________________
iFrance vous offre (http://www.ifrance.com):
20 Mo gratuits pour votre site
Votre adresse email gratuite (pop ou navigateur)
Acces a l'INTERNET sans abonnement
Dialogues en direct