Kritisk Draskovic

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 26 Apr 1999 10:57:42

På radioen i dag tidleg, og i Libération:

I eit intervju som blei sendt på den private tv-kanalen Studio B i går kveld
sa den jugoslaviske visestatsministeren, Vuk Draskovic, at han var for
utplassering av ein fredsstyrke i Kosovo under FN-kontroll. Han var elles
svært kritisk i høve til dei viktigaste leiarane i landet, og tok avstand
frå den offisielle propagandaen mot Nato.
"FN-flagget er for oss ikkje eit okkupantflagg", sa han, og la til at
jugoslaviske soldatar alt hadde teke del i FN-styrkar.
Utan å nemne namnet til Milosevic direkte, skulda Draskovic "dei som leier"
landet og som "lyg for folket" ved å prøve å få det til å tru at Russland
vil risikere ein tredje verdskrig for å forsvare Serbia. (AFP)

(Det kan sjølvsagt vera nok ein manipulasjon frå Milosevic si side... tida
vil
vise om regimet no byrjar å slå sprekker.)

Oddmund Garvik
........
Ecoutez Radio France - France Info
http://www.radio-france.fr/france-info/

Libération
http://www.liberation.fr