Garviks graut

Jon Hareide Aarbakke (Erasmus@operamail.com)
Fri, 23 Apr 1999 07:43:55 -0400

Eg tolkar Garvik m.a. slik at han seier at folket i Frankrike stør invasjon i
Kosovo sjølv om pressa er meir nyansert enn her. Er ho det?
Eg las Le Monde her om dagen, og vart overraska over den lite serbiskvenlege
haldninga. Heller ikkje Liberation verka på "høgd" med KK i sin motstand mot
bombinga.
Då er det kanhende ikkje så rart - viss altså premisset er usant. Men det veit
eg ikkje.

Hovudpoenget er vel dette: det er lett å vere samde om at Milosevic og
serbarane oppfører seg forferdeleg i Kosovo. Det er difor lett for NATO å
selje kva politikk som helst under det humanitære banneret. NATO _kan_
misbruke dei gode kjenslene til folket i "vesten" - evna til innleving i andre
si liding.

Kva som er deira eigentlege motiv er det vi kranglar om.
Når ein ser kor selektivt humanitære omsyn vert brukt, er det i alle fall lett
å bli mistenksam.
Hugs også at Frankrike ikkje har gløymt sin fortid som stormakt.
"Vive la Republique - Vive La France", som Mitterand avslutta fjernsynstalane
med (1989).

- Jon

Jon
-------------------------------------------------
This is my mail-address for political discussions
-------------------------------------------------