Koha Ditore...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 21:21:10 GMT

...eller "Den Daglege Tid" (kanskje "Dag og Tid"?) var ei avis i Pristina.
Den 23. mars i år blei lokala til denne avisa raserte og øydelagde av serbiske
paramilitære styrkar. Medan ein ventar på at ho skal koma ut att, i
Makedonia eller Albania, har den franske vekeavisa Courrier International
gjort seg til fadder. Koha Ditore var ei uavhengig røyst i Kosovo som tala
for dialog mellom det albanske og serbiske folket sidan april 1997.

Redaksjonen vil få avisa i gang att, ikkje minst for flyktningane i
Makedonia og Albania, og i vestlege land der det finst mange kosovoalbanarar
(Sveits, Tyskland, Sverige, Austerrike). Dei arbeider no i tre senter
(Skopje, Tetovo og Tirana) og vil prøve å få i stand ei dagleg utgjeving av
20 000 aviser som skal delast ut gratis i flyktningeleirane. I tillegg skal
150 000 eksemplar av avisa trykkjast og seljast i forskjellige europeiske land.

Courrier International trykkjer alt no Koha Ditore; og "første" nummer kom i
dag - fire sider med tekst og bilete.

Det er interessant, og det kan hende eg deler ein artikkel eller to med
dykk, om eg får tid. Dei treng sjølvsagt penger og materiell, og om nokon
skulle ha trong til å hjelpe dei, har eg adressa og kontonummeret.

Oddmund Garvik