Re: antikrigstabbe...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 10:24:48 GMT

Magnus Marsdal:

>Blir Garvik glad no? Nei, det verkar som han VIL at antikrigsfronten skal
>vera så "proserbisk" som mogleg, ettersom dette stør opp om hans og Natos
>verdsbilete i denne saka.

"Antikrigsrørsla" er proserbisk og antiamerikansk/antieuropeisk, men det er
ikkje mitt problem. Det er korkje på tale å reise fleire tusen kilometer for
å dilte i hælane på NKP/AKP, eller gjera anna som kan glede denne
"venstresida". Eg blir nok sitjande her nede i Sør-Europa med verdsbiletet
mitt.

No blir det visst likevel intervensjon på bakken i Kosovo, kanskje i heile
Serbia, og med oppbakking av kamphelikopter. Dette blir eg glad av, enda det
kjem åtte år for seint!

Det er varmt og godt i dag, ein forsmak på sumaren - krigssumaren 1999. Eg
sit og skriv dette under vinlauvet i sumarkjøkenet mitt. Like bortanfor ligg
det me kallar "la Prairie", irrgrøn med brennande raude valmuer. Sant og
seia har eg vel betre ting å ta meg til enn å krangle med forstokka
"marxist-leninistar" i det høge nord. Det kan hende eg tek ein pause snart.

>det kjem i avisa i morgon, etter sommel frå oss i redaksjonen.

Medan du snakkar om avisinnlegg, har de trykt dette innlegget mitt?

http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra060499/0112.html

Eg sende det til og med i Word-format tilpassa Klassekampen sin eigen
dokumentmal. Var det bortkasta tid? Eller høyrer eg til dei andre "så
skitstupida at dom inte alls kann diskutera nånting somhelst"?

Oddmund Garvik