Haldningar til krigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 14 Apr 1999 17:16:55 GMT

Dette skulle vanlegvis bli trykt som innlegg i Klassekampen ein av dei
komande dagane. Det finst nokre element frå eit tidlegare innlegg på
forumet, og eg ber om orsaking for gjentakinga:

Haldningar til krigen.

Eg høyrer ikkje til dei som seier at bombekrigen er "vellukka". Eg er ingen
krigshissar. Eg er rett nok ikkje pasifist, men slett ikkje krigshissar.
Visst veit eg at neokolonialismen er ansvarleg for den kaotiske stoda i
verda. Visst er eg mot kapitalismen, globaliseringa, dei fleirnasjonale
selskapa. Men det er ikkje nok å "analysere" dette, og berre ende opp med
proklamasjonar og mekaniske slagord.

Eg trur ikkje på mystifisering. Medan mystifiseringa triumferer på område så
klåre og tydelege som geografi, politiske system og religion, kan ein berre
førestelle seg kva det blir til med "historia" til Balkan! Denne har blitt
forfalska på det mest groteske vis, for å bakke opp og rettferdiggjere det
etniske brotsverket.

Den største halvøya i Europa hadde nok ikkje fått oppleve denne ulukka
dersom resten av kontinentet hadde brydd seg litt tidlegare. Likeløyse fører
til fåkunne, og når det går for langt fører det til slutt til den gamle
koloniherrementaliteten - erobraren som frå losjen sin ser på "folka som
slost seg imellom om småting".

Den kristne epoken byrja med ei liknande tragisk likeløyse, den dagen
Pontius Pilatus vaska alt ansvar av hendene sine i rettssaka mot Jesus
Kristus. Ein kjenner ikkje innhaldet i den hemmelege rapporten som Pontius
Pilatus sende til det romerske senatet, mellom anna om problema i Palestina.
Denne rapporten blei borte, men legenda har substituert den vidgjetne
handrørsla. Ein kan ikkje betre vise haldninga til den romerske konsulen.
Sidan krossfestinga har denne handrørsla ofte blitt teken opp att.

Verdshistoria er full av dette halvt upartiske som dømer dei to partane.
Tendensen til ikkje å skilje mellom bøddelen og offeret, for å gi inntrykk
av at ein berre er tilskodar, at ein står over og ikkje har noko å gjera med
tumultane, osb., har vore og er framleis ein svært behageleg haldning. I
røyndomen er dette den mest skinheilage haldninga - under eit dekkje av
rettferd, prøver ho å løyne at ein eigentleg støttar brotsverket.

Handlinga til Pilatus har ofte blitt imitert, og blir det framleis i den
serbisk-albanske konflikten om Kosovo. Kven som helst kan slå fast at
militære styrkar og politi som er væpna til tennene står ovanfor eit folk
utan forsvar som opplever å få øydelagt liva sine. Likevel har det ikkje
mangla på røyster for å "fordømme dei to partane samstundes" ! Slik har ein
oppretta ein kriminell symmetri, ved å setje nøytraliseringa av serbiske
politifolk på same plan som den kosovoalbanske motstanden og martyriseringa
av eit heilt folk. Ein har sådd tvil om massakrar, som dei i Raçak, ved å
halda fram som argument at nokre av kadavra skulle ha blitt flytte nokre
meter til høgre eller venstre, som om det kunne forandre noko som helst av
det som hadde skjedd. Som om offera eigentleg ikkje var menneske, berre
skodespelarar som simulerte døden.

Ein har sett same slags oppførsel i dei sosialistiske/pasifistiske
demonstrasjonane den seinare tida. Desse har hatt som hovudoppgåve å
fordømme bombinga til NATO, men har lete det vera nesten stille om eit
folkemord - øydelegginga av det kosovoalbanske folket. Denne dauvskapen,
denne friviljuge blindskapen uroar meg, liksom alle dei som på eit underleg
vis let seg røre av det siste raudbrune landet på det gamle kontinentet.
Ein dreg fram alle moglege formlar for å forsvare det serbiske brotsverket:
"Ukrenkjelege grenser", "brot på suvereniteten til ein stat"… Veit ikkje
desse talsmennene at ein massakre mot barn er nok til at ein stat misser all
legitimitet? Eller er drapa av kvinner og barn utført av den serbiske
undertrykkjingsmaskina i Kosovo berre ei barbarisk handling mellom mange andre?
Ved endeleg å gripe inn militært på Balkan, har Vest-Europa opna ei ny side
i historia til sivilisasjonen i verda. Denne krigen er ikkje sett i gang av
omsyn til olje som det har blitt påstått, heller ikkje av omsyn til andre
materielle interesser, men for eit prinsipp: Forsvaret av rettane og
eksistensen til det mest utarma folket på dette kontinentet. Det same skulle
Europa ha gjort i høve til andre borgarkrigar som går føre i denne stund.
Eg er for å gripe inn i alle slike konfliktar, og for å passivisere den
aggressive parten. Dette kallar eg framskritt. Det er ein måte å vise at
verda går framover på.

Kosovoalbanarane har vore Milosevic sine fiendar i mange år. Terroren i dag
var planlagt i går, og blir systematisk gjennomført i minste detalj. Korleis
kan ein sutre over lagnaden til det serbiske folket som har stelt seg slik
at dei har vald fascistar til leiarar? Korleis kan ein snakke om opposisjon
i Serbia, når denne nesten ikkje finst? Eller ikkje er i stand til å skilje
klinten frå kveiten, men let seg lure av den offisielle propagandaen om det
serbiske folket som offer?

Ein kan ikkje samanlikne Noreg og Jugoslavia/Serbia, men lat oss seia at det
var kome eit fascistisk regime til makta i Noreg, og at ho i den nasjonale
rusen ville kvitte seg med alle band til NATO og Europa. Dei hadde alt kasta
ut ikkje-etniske nordmenn, og førebudde seg no på å "reinse" Sameland, der
dei i lengre tid hadde terrorisert innbyggjarane.

NATO/Europa hadde lenge sett med irritasjon på dette, og hadde bestemt seg
for å gå til aksjon. Eit av regjeringspartia var openlyst fascistisk og
hadde fått 40% av stemmene ved førre val. Regjeringa hadde gjort alt for å
knuse opposisjonen, nokre av dei hadde gitt etter og sat no i regjeringa.
Andre hadde gått under jorda, eller drege utanlands. Etter at bombinga
starta blei det sett inn hard sensur, og propagandamaskina til regjeringa
gjekk for fullt. Gardermoen blei bomba, Sola, Flesland, Værnes, Haakonsvern.
Industriområdet i nedre Telemark, Mongstadraffineriet, Jernverket osb... Det
var relativt få sivile offer, men "maskineriet" byrja å skrante.

Det kan hende at meir enn dei 40% som av ein eller annan grunn hadde stemt
fascistisk, no hylla regjeringa og leiaren "Hansen" fordi dei tykte åtaket
var urettferdig, og ikkje kunne forstå kva NATO/Europa bråka om. Sameland
var eit indre norsk problem. "Sameland har forresten alltid vore norsk".
Heile det norske folket samla seg bak "Hansen", og gløymde i farten at han
var ein tjuv og kjeltring. Han var trass i alt leiaren.

Eg bur i utlandet. Skulle eg ha gitt meg til å demonstrere mot "den
urettferdige, imperialistiske NATO-krigen mot Noreg"? Skulle eg demonstrere
og på hysterisk vis skrike "Me er alle bak Hansen!" "Leve Hansen! Leve
Noreg!" saman med andre utanlands-/ex-nordmenn? Dette har eg sett og høyrt
serbarar gjera i Paris. Slik ter dei seg overalt i verda. Eg har til dags
dato ikkje treft ein einaste serbar som tek klårt avstand frå Milosevic og
regimet hans. Det finst nokre som mumlar nokre halvhjarta setningar om at
han ikkje er så bra, for så å sutre fram at det er det serbiske folket som
er offer for NATO-bombene, og at det er heilt uakseptabelt. "Det handlar
ikkje i det heile tatt om Milosevic og regimet hans", sa ein tidlegare nabo
av meg her om dagen, Zoran Tasic, serbisk regissør og
"Milosevic-motstandar". "Det er det serbiske folket som lir." Han bøygde
unna kvar gong ein kom inn på den etniske reinsinga. Han ville helst ikkje
snakke om det. Over tre tusen uskuldige menneske er myrda i Kosovo sidan
slutten av januar, og så sit denne "opponenten mot regimet" og vrir seg.
Ikkje i Beograd, men i 14. arrondissement i Paris. Dette forstår eg ikkje.
I Beograd blir det delt ut blinkar til å henge på jakkeslaget, organisert
rockekonsertar og konsertar med serbisk folkemusikk. Slik klarer regjeringa
å smørje opinionen og halde oppe den store løgna om den serbiske vogga i
Kosovo.

Utanlandsserbarane har også fått seg blinkar. Eg bur ikkje så langt frå eit
ortodoks kloster, og har sett pilegrimar med desse merka. Ein journalist
ville intervjue nokre (ex)serbiske kvinner, men straks kom det ein "anonym"
person i skinnjakke og førte kvinnene med seg. Det var best å ikkje snakke
med journalistar, "for dei forvrengjer det me seier"...

Sjølvsagt hadde eg aldri sett foten i eit demonstrasjonstog som støtta
"Hansen", "Noreg" og "Det norske folket". Eg hadde truleg gjort alt eg kunne
for å koma meg til Sameland for å instruere rekruttar og lære dei til å
slost mot troppene til "Hansen" og dei lojale militsane, enda eg ikkje er same.
Skal ein samanlikne, må ein gå slik til verks. Og same kva ein vel å gjera i
ein gitt situasjon, må ein aldri gløyme implikasjonane og konsekvensane av
det ein gjer.

Det er lett å "analysere" og trekkje seg attende: Stakkars serbarar, dei
hadde ikkje noka anna val... fienden måtte sjølvsagt bli kosovoalbanarane...
det er NATO si skuld. "Når NATO-flygerne slipper sin dødbringende last i
sikker høyde, NATO-generalene gir sine ordre i trygg avstand fra slagmarken
og politikerne gjentar sine krav om mer massiv bombing fra metropolene, da
er det kosovo-albanerne det går ut over. De er de eneste som kan nås"...
Slik vaskar venstresida og antikrigsrørsla hendene og unngår å ta stilling
til folkemordet. Men dette er berre klassiske, pasifistiske metaforar. Om
det går ut over kosovoalbanarane er det fordi det serbiske regimet vil det
slik, og fordi dei serbiske falangistane er svin. Men det er også fordi USA
ikkje vil lata amerikanske liv ("null tap") og hittil har klart å tvinge
gjennom denne doktrinen i alliansen. Ein har korkje sendt inn bakkestyrkar,
eller væpna UCK. Ein strategisk feil av dimensjonar. Men det er aldri for
seint!

Pasifistar og andre krigsmotstandarar som no kastar seg ut i kampanja mot
NATO-bombinga, gløymer at det å sitje passive framom ein borgarkrig som den
som no går føre seg i Kosovo, også er ei form for vald. Sjølve har dei sete
passive i årevis. Demonstrerte dei mot bombinga og terroren i Sarajevo? Den
etniske reinsinga i Bosnia? Laga dei opprop då Srebrenica blei rasert?
Skulle ein ha halde fram med "diplomatiet", gitt Milosevic ein sjanse til
etter alle desse åra? Ja, for ein har lete det skura meir eller mindre i
snart ti år. Ein kunne ha halde fram i det uendelege. Ein kunne ha lete
serbarane gjera jobben sin "i fred". Systematisk valdta kosovoalbanske
kvinner og halda fram den etniske reinsinga. Kanskje me hadde sett nokre
"plagsame" bilete i ny og ne. Men det hadde kanskje vore lettare for dei
norske kjendisane og opinionsleiarane "med humanismen intakt" som no kastar
seg inn i antikrigsarbeidet med fynd og klem. Jostein Gaarder og dei
andre... riddarane av "de herskende tanker" på venstresida.

Oddmund Garvik