SV: antikrigstabbe...

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Thu, 22 Apr 1999 10:22:56 +-200

Garvik:

Då eg såg denne overskrifta, trudde eg kanskje det kom ei melding for å
forklare den skandaløse mangelen på parolar mot etnisk reinsing i
demonstrasjonstoget i Oslo for snautt ei veke sidan. Men nei! Ikkje eit pip,
ingen reaksjon, slett ikkje eit dementi. "Antikrigsrørsla" er taus.

1 Det VAR slike paroler der, men diverre ikkje i det vedtekne grunnlaget.
2 Internasjonale Sosialister har skrive eit innlegg som legg fram sitt syn, det kjem i avisa i morgon, etter sommel frå oss i redaksjonen.
3 Det er møte i antikrigsnettverket i Oslo i kveld, truleg blir det elendige vedtaket retta opp der.

Blir Garvik glad no? Nei, det verkar som han VIL at antikrigsfronten skal vera så "proserbisk" som mogleg, ettersom dette stør opp om hans og Natos verdsbilete i denne saka.

mingus