Re: antikrigstabbe...

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 09:01:50 GMT

Nils P. Lie-Gjeseth:

>Jeg kom i skade for å skrive en riv ruskende URL til anti-krigssida på
>veven da jeg reklamerte for den her for en tid tilbake.

Då eg såg denne overskrifta, trudde eg kanskje det kom ei melding for å
forklare den skandaløse mangelen på parolar mot etnisk reinsing i
demonstrasjonstoget i Oslo for snautt ei veke sidan. Men nei! Ikkje eit pip,
ingen reaksjon, slett ikkje eit dementi. "Antikrigsrørsla" er taus.

Ein får då gå ut frå at det i leiinga av denne finst full
konsensus om linja som sentralstyremedlem i NKP, Kjell Underlid,
uttrykkte for nokre dagar sidan:

>Eg trur det er viktig at
>parolegrunnlaget i samband med demonstrasjonar mot NATO-bombinga er av ein
>slik natur at det er mest mogeleg samlande. Det bør eigentleg vere eit
>minste felles multiplum som samlar alle som er i mot denne bombinga. Her
>bør det ikkje trekkast inn parolar som kan verke splittande på motstand-
>fronten.

Det "minste felles multiplum" i dette tilfellet endar opp i dobbeltenkjing -
"å vita og å ikkje vita" - to meiningar som motseier kvarandre, og ei moralsk
likeløyse som er svært så talande.

Oddmund Garvik