Re:_Grotesk_historieløshet

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 07:46:07 GMT

Eg sende denne meldinga i går, men ho kom ikkje på nettet, heller ikkje i
retur til meg. Eg prøver nok ein gong:

KVJ:

>Siden Hitler var den som hisset til krig
>hele tiden, økte sin makt og erobret fler og fler naboland er det klart at
>en ikke kan si Churchill var en krigshisser, men en konsekvent fortaler for
>forsvar. Hitler ble agressoren, fordi han representerte den oppstigende
>stormakten. Serbias makt har hele tiden siden 1991 vært på retur,

Milosevic er nok ikkje Hitler, ikkje heilt. Milosevic er den farlegaste
statsleiaren i Europa i 90-åra. Han er eit trugsmål, ein banditt, ein
postkommunistisk kjeltring som kynisk har manipulert med nasjonalismen.
Han har blod på hendene. Men staten hans har korkje krefter eller ideologisk
vilje til å erobre Europa.

For å rettferdiggjere bombinga sa Clinton mellom anna: "Kva hadde skjedd om
ein hadde høyrt på Winston Churchill og reist seg mot Adolf Hitler tidlegare?"
Her har han eit poeng: Dess lenger ein nøler med å gripe inn mot aggressive
diktatorar, dess høgare blir prisen. Om ein hadde gått til åttak på Hitler
under remilitariseringa av Rhinland i 1936, hadde ein kanskje spart 50
millionar menneskeliv. Om ein hadde slått til mot Milosevic då troppene hans
omringa Vukovar på slutten av 1991, hadde kanskje 250 000 ++ menn, kvinner og
born framleis vore i live.

Oddmund Garvik