Re:_"Betingelsesløs_stans_av_bombinga"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 22 Apr 1999 07:46:54 GMT

Eg sende også denne meldinga, som på same vis blei borte, dvs. meldinga blei
sitert av Lydersen, så nokre må ha fått ho. Prøver igjen:

Eg har vore borte nokre dagar, men det er ikkje så mykje nytt. Diskusjonen
ser ut til å stå i stampe.

Korleis kan det ha seg at store deler av venstresida i dag har hamna i same
leiren som Serbia, og tek avstand frå krigen som Nato fører mot
Milosevic-regimet? Kvifor er det dei engasjerte venstrekreftene, og ikkje
dei isolasjonistiske høgrekreftene som i dag forsvarer den moralske likeløysa?

For lat oss ikkje lure oss sjølve, det er dette motstanden mot Nato-aksjonen
endar opp i. Ein kan kritisere taktikk og metodar, ein kan vera lei seg for
at diplomatiet ikkje var meir effektivt, men det er korkje tid eller stad
for slike subtile spørsmål. For det var anten den eine, eller den andre:
Anten måtte Vesten prøve å få slutt på det største barbariet ein har sett i
Europa sidan 1945, eller halda fram med berre å sitje der og ikkje gjera
noko som helst.

Stilt ovanfor ein stat som praktiserer massemord, er det ikkje mogleg å
sitje passive. Om ein vil unngå at historia skal gjenta seg, er ein nøydd
til å gripe inn. Ei anna løysing ville vera den eg las om i ei avis her om
dagen: Vente på utdelinga av Oscarprisen i 2020, og klappe for Spielberg som
fekk Oscarprisen for beste film for "Jovanovic-lista, massakre i Kosovo". Og
namnet på denne lite kjende regionen ville føye seg til namna på andre land,
Kambodsja, Rwanda, desse skodeplassane for hat, skrekk og gru der me blei
overdynga av skam for ikkje å reagere.

Men Nato-alliansen har ikkje har ikkje eit lovleg mandat, jamrar
venstresida. Nok eit påskot for å sitja apatiske. Dersom ein vil ta knekken
på det skrømtet i verda som heiter "etnisk reinsing", kan ikkje FN vera det
einaste våpenet. Spør innbyggjarane i Srebrenica, det vil seia dei som
framleis er i live.

Kanskje det, seier venstresida, men Nato handlar ikkje ut frå humanitære
motiv: Organisasjonen forsvarer berre sine eigne interesser. Eh bien,
velkomen i den verkelege verda, verda av realpolitikk. Churchill, Roosevelt
og Stalin allierte seg ikkje mot Hitler fordi dei var glade i jødane, eller
fordi dei uroa seg over det som ligg bak Nürnberg-lovene. Dei gjekk til
aksjon drivne av nasjonale og strategiske interesser. Dersom desse spring
saman med humanitære tiltak som det hastar med, skulle venstresida vera
lukkeleg over det i staden for å jamre seg.

Eigentleg er me vitne til ei oppvising av dei gode gamle automatreaksjonane
til venstresida. Amerika er i ein leir, seier den venstreradikale til seg
sjølv, altså må eg støtte den andre leiren. Den primære antiamerikanismen
fungerte kanskje under den kalde krigen, men ikkje no lenger.

Oddmund Garvik