Dei veit kva dei gjer

Olav Randen (boksmia@online.no)
Mon, 12 Apr 1999 19:08:30 +0200

Dette innlegget er skrive ut frå nokre setningar i siste innlegget til
Arnulf Kolstad. Kolstad skriv::
"Selv de største krigshisserne lengst inne i NATO har innsett at resultatet
har blitt mye verre enn de trodde. At krigen har utviklet seg helt
annerledes, og med langt større lidelser for sivilbefolkningen enn de
forutså."
Liknande synsmåtar møter vi frå svært mange av dei som kommenterer bombinga
i Jugoslavia. NATO har sett i gang noko dei ikkje hadde oversyn over. Dei
trudde at når dei hadde sleppt nokre bomber over Kosovo og kanskje Serbia,
ville serbarane ta avstand frå Milosevic, trekkje seg ut or Kosovo og
signere Rambouillet-avtalen.
Slik blir krigen gjort til ei arbeidsulykke. Dei politiske leiarane hadde
dårlege rådgivarar og feilvurderte oppslutninga om Milosevic. Det er trist,
men no er det ingen veg attende. Bombinga må halde fram, og bakkestyrkar kan
bli nødvendige. For trekkjer ein seg halvvegs, blir det ein siger for
tyrannen i Beograd.
Og kanskje tenkjer til dømes Bondevik slik. Han veit lite om krig. Men neppe
Chirac og Blair, som har imperialistiske tradisjonar i blodet. Og neppe
Solana, som har dugande militære rådgivarar. Og slett ikkje Clinton og
Albright eller dei som står for tenkinga i Washington. Dei veit kva dei
gjer. Dei veit at dei nyansane og meiningsskilnadene og ulike standpunkta
som kan vere i fredstid, blir borte i krig. Då har folk berre to val, for
eller imot. Dei veit ut frå alle krigar dei har delteke i før, og det er
mange, at "moderat" bombing eller andre avgrensa aksjonar byggjer opp både
oppslutninga om leiarane og forsvarsviljen i eit land med så sterke
forsvarstradisjonar som Jugoslavia. Dei kan til dømes sjå attende på korleis
det har gått med Saddam, han har overlevd dei fleste vestlege leiarar. Dei
visste at bombinga ville endre serbisk opinion dit at indre reaksjonar mot
utrydding og vekkdriving av kosovoalbanarar vart veikare og at prosessen
difor skaut fart.
Men det speler inga rolle. Dei som avgjer i Gods own country USA, eg er
ikkje sikker på om Clinton og Albright er blant dei, er ikkje særleg
opptekne av lagnaden til nokre hundre tusen kosovo-albanarar. Ikkje meir enn
dei var opptekne av serbarane i Krajina og Vest-Slavonia. Ikkje meir enn dei
er interesserte i vanlege irakarar, ikkje meir enn at dei bomba Panama,
støtta Contras i Nicaragua, Pinochet i Chile, israelske overgrep overfor
palestinarar og drap nokre millionar i Vietnam, Laos og Kambodsja. Ikkje
meir enn at dei har engasjert seg i rundt 200 konfliktar verda over etter
andre verdskrigen.
Nei, dei har ikkje plutseleg vorte humanistar, dei er opptekne av USAs
interesser og berre det. Ikkje minst er det viktig å utnytte overtaket mest
råd no når Russland ligg nede.
Og då er det bra med ein krig til. For krigar går føre seg på andre
kontinent, ingen trugar USA. USA kan dra i trådane og stadfeste sitt
verdshegemoni. Dei andre NATO-landa lystrar storebror. FN og Cofi Annan, som
har prøvd å opponere iblant og masa på om folkerett, let seg skuve ut over
sidelina.
Tener på krigen gjer dei og. Det er andre som får svi, det er USAs våpen som
blir brukte, og deira våpenindustri får nye oppdrag.
Ikkje minst viktig er det at krigar gir erfaringar. For om amerikansk
hegemoni skal sikrast i framtida, er det ikkje nok å øve. Våpna og bombene
må prøvast ut. Og då ligg eit lite søreuropeisk land midt i blinken. Då
passar det godt for kampen om heimleg opinion at eit europeisk folk vil
drive vekk eit anna. For det gir aksjonen eit skin av humanisme.
Det har utvikla seg bra og vil truleg gå bra framover. Same om det blir ein
langvarig krig eller ein snart kjem til slutten, kanskje eit protektorat
under NATO eller OSSE, har det gitt USA nytt innpass og nye styringshøve i
sør-Europa. Liksom Vietnam gjorde det i eit tiår i søraust-Asia og Israel
har gjort det i fleire tiår i Midtausten.
Så nei, det som skjer, er inga arbeidsulykke. Det har ikkje gått skeis, det
har gått omtrent som dei styrande trudde. Og dei kan seie omtrent som Gud då
han såg ut over skaparverket sjette dagen, at alt er såre vel.

Olav Randen