Re: Opptrapping, folkemord og NATO-strategi

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 9 Apr 1999 09:26:09 GMT

Eg er samd med mykje av det Skullerud skriv. Eg har m.a. fleire gonger
understreka at luftkrig aleine ikkje er tilstrekkeleg for å slå attende den
serbiske offensiven i Kosovo. Eg har kritisert Natoaksjonen for mangel på
ein klår, samanhengande strategi.

Skullerud skriv:

>Dette innlegget fra Oddmund Garvik byr på en mulighet til å bringe inn
>noen momenter som hittil ikke har vært nevnt i denne debatten.
...
>Dette er uflinkt (disingenious, som det heter på godt norsk).

Kvifor er det "uflinkt"? Den 26. mars skreiv eg: "Den 20. mars starta
serbarane ein stor, vel planlagt offensiv i Kosovo, særleg i området rundt
Drenica. Det var same dagen som 1380 OSCE-observatørar drog sin veg...
Eg veit sjølvsagt at dei blei dregne ut i samband med Natoaksjonen. Kva som
hadde skjedd om OSCE-observatørane hadde blitt verande og Natoaksjonen ikkje
hadde blitt sett ut i livet, er vanskeleg å seia. Ein kan "anta at terroren
hadde holdt seg på omtrent det samme nivået som i de foregående månedene".
Men det er berre ein hypotese. Ein veit i dag at den serbiske aksjonen var
planlagt i detalj ein månad før han blei sett i gang. Eg er ikkje "av den
oppfatning at lavintensitetskrig er å foretrekke fremfor den totale
katastrofen vi ser nå". Eg er slett ikkje pasifist, eg er heller ingen blind
tilhengjar av krig. Eg har sett krig på nært hald, og veit at slike
samanlikningar ikkje held mål. Krig har i moderne tid alltid fleire nivå.
Det er resultatet ein må vurdere, ikkje aspektet. Resultatet av det du
kallar lavintensitetskrig kan vera mindre spektakulært, men like alvorleg
for dei sivile. Natoaksjonen har kanskje ført til ein akselerering dei
serbiske krigsbrotsverka. Men kva var alternativet?

>Mitt eneste umiddelbare krav
>vil være at NATO burde vise respekt for den ortodokse kirkens
>helligste høytid og stoppe bombingen umiddelbart mens påskefeiringen
>pågår.

Eg har ikkje undersøkt dette så nøye, men har dei ultraortodokse serbiske
styrkane/militsane vist respekt for den heilage påskehøgtida?

Oddmund Garvik